fredag, november 03, 2006

Fredag



Ja så var det helg igjen, fy so tida går. Her i Vanglivegen skjer det ikkje so mykje idag. Ein roleg dag i sofaen saman med Mathias er fredag for meg. Tv kjem ein ikkje utanom då det beste blir sendt idag. No har eg gjort ferdig støvsuging, og Stine er av og handlar mat. På menyen idag står det Taco.(Nam nam)

Søndag blir ein viktig dag for meg. Får håpe på det beste, so me kan ta ferie med god samvit.

Været idag kl. 15.32 er Lett overskya med litt solglimt innimellom og 3 minusgrader.

Ha ei fin helg.....

onsdag, november 01, 2006

Vinter i Vanglivegen




Fann ut det var på tide å oppdatere litt no, og det har skjedd litt av kvart den siste veka. Stine og Mathias har vore av Janne og Ronny i Bergen eit par dagar. Dei har nyleg flytta dit, og Stine reiste over der forrige torsdag. Første flyturen til Mahias var det og, men alt gikk greit ifølge Stine. Janne som då er søstra til Stine, har ilag med sambuar Ronny kjøpt seg ein flott leilighet utanfor Bergen by. Det virka som dei kosa seg i vestlandsbyen då underteigna sjelden fekk telefon frå Stine. Viktigaste var att dei kosa seg og at Stine fekk treffa venninene sine som studerar i bergen, samt at tante og onkel fekk dulla litt me jr.!

Mens familien var i Bergen, har eg stusla me mitt her, dvs veldig lite. Trent og ete godt er vel det som kan takast med. Innhaldet på menyen av mat eignar seg ikkje på trykk, men det smakar alltid godt når ein bestem sjølv kva ein et.

Dei siste dagane har vinteren komen til Hamar. Eit kraftig snøfall la seg natt til Tirsdag, noko som resulterte i glatte vegar og mykje snømåking rundt omkring. Smart som eg var skifta eg heldigvis dekk laurdag. I dag ligg snøen forstatt og det er 4 minus. Ein fin dag med andre ord sjølv om snøen kunne ha holdt seg unna.

Tja det var litt av denne veka her, meir i vente i måro..

Bye.....