
Eit hardt møte med garderobebenken i barnehagen gjorde Mathias tannlaus eit par år før tiden. Fredag fekk me telefon fra barnehagen om at det hadde skjedd ei ulykke, og neimen om det var eit vakkert syn som møtte oss!!! Blod over alt! To tenner var slått rett ut, og to andre han og dingla.. Dei måtte tannlegen trekka, så no manglar Mathias fire tenner oppe! Leppa var kløvd, så de måtte han sy. Ein hard dag for ein liten kar, men han var SUPERFLINK!!! Ikkje mykje klaging etterpå heller, heilt utrulig.. Det er på bedringens veg, men fremdeles ømt og sårt.. Og når leppa har grodd blir det spennande å sjå korleis det går å eta og sånn uten tennene!
Heldigvis fekk me besøk på laurdag, Hanne og Joacim! Me storkosa oss og laga tapas på kvelden. Masse god mat, og ein super kveld!! Mathias fekk litt andre ting å tenka på, så da hadde han det ikkje så værst.

No er det bursdag for alle penga, onsdag er Den Store Dagen:) Han har gledd seg ein evighet, og det blir stas med mange gjester. Barneselskapet er på torsdag, og da har han bestillt Star Wars-kake. Litt usikker på korleis eg skal løyse det, men det blir vel ein ordning!
Ho Galne-Sara(Malin) er full av futt som vanlig. I dag reiste ho seg opp for første gong! Suuuper kry oppette ei pappøskje, så no blir det vel knall og fall framover.. Kan vel ikkje kalle ho stødig enda! Men, artig å sjå kor fort det går framover for tida:)
God veka til dikka, me får komma med rapport etter selskapet:)
Berre eit lite bilde for å minna alle på perleraden som no er vekke. Det gjer VONDT i mammahjertet:(