lørdag, mai 23, 2009

Guttetur

Lørdagen her i vangli er snart over, men for oss to gutta har det vore ein særs so minnerik dag. Stine parkerte me heime for ho har ein eksamen i vente på tirsdag. Me gutta tok turen til Hunderfossen saman med Fam. Pettersen lenger nedi gata her. Dagen har vore nydeleg me fint vær, god mat og masse underholdning.

Mykje skulle vore skreve, men eg syns bilder fortel meir om korleis dagen har vore:

Me opna dagen me å køyra radiostyrt båt noko dei syns var artig.



Slottet i Hunderfossen. Mathias tørte ikkje inn i det, då han meina han såg eit troll utanfor.


Mathias med " El Tempo Gigante" som vart bygd i 1976 og har 200 km/t som toppfart. 3 tonn tung og heile 500 hk.


I mellom all bilkøyring og anna leik smakte grillpølse godt.



Favoritten for dagen: Volvo lastebil me gass og tilhengar. Mathias fekk førerkort og der står det: Sjåføren har vist utmerkede ferdigheter og har rett til å kjøre Volvo lastebiler.



Her køyrer Mathias ekte gravemaskin. Litt vanskeleg med 3 spakar men han klarte å få opp litt sand.

Trollet som sit og slappar av fekk me desverre ikkje bilde av, men me var inni magen hans( ifølge Mathias), og der fekk me sjå "smørbukk", " Revenka", " Syvende far i huset" og alle dei andre flotte eventyrfigurane.

Mathias vil nok hugsa denna dagen lenge, og kanskje er troll og andre eventyr litt mindre skummelt i framtida. No når sommaren kjem so kan det henda me tar turen igjen, for badeparken fekk me ikkje oppleva idag. Kanskje vil nokon av dei heime i Årdal vera me på neste tur?

mandag, mai 18, 2009

17.mai!!









Her kjem oppdateringen ein dag på etterskudd, men betre seint enn aldri:) 17.mai i år var ein strålande dag, heilt i motsetning til fjordårets 4 grader og sludd. Sola skein og temperaturen var super!! Me starta dagen med barnehagetoget i Hamar sentrum, og kosa oss med å sjå skuletoget, eta is og skravla med kjente med traff i byen etterpå. Det var litt mange fristelsar for Mathias med uendelig av ballong- og andre jallaselgarar, så me fant ut at det var best for familiefreden at me tok eit par timar heime på verandaen før me hadde neste post på programmet. Me var invitert på spekemat og det som høyrer med hjå familien Pettersen, og det var kjempekoselig!! Familien Ringberg var og der, og både vaksne og ungane hadde ein flott ettermiddag på terassen i sola. Dei fekk leika fra seg med ute-bandy, trampoline, moped og fotball, medan eg tok det ganske med ro og tok rollen som tilskodar:) Håpar de alle hadde ein lika fin dag!!

I dag lyt me seia HIPP HIPP HURRA for mamma (mommo Jorunn) som har bursdag, hadde smaka med litt bursdagskake i dag. Det får me heller ta att seinare!! Håpar dagen har vore bra i alle fall:)

God kveld alle sammen!!!!


fredag, mai 15, 2009

Lite spennande dagar..

Det skjer lite nytt med oss på Hamar, og de har de vel kanskje skjønt.. Lite hyppig blogging for tiden!! Me går i den vanlige tralten, og akkurat no ser me fram til ei helg med kanskje litt grilling og ei koslig 17.mai feiring. Tommy er vel snart klar att etter skaden sin, og eg er no så vidt kommen i gang med lesingen min. I dag er det deilig sol, så eg har planar om å sitte ute. Litt meir inspirerande!! Treng nok i tilleg frisk luft for å holde meg våken, sidan Mathias har vore kongen av doddeltsenga i HEILE natt, og var klar for dagen kl halv seks:( Midt på natta i natt måtte eg snu han heilt rundt, sidan han hadde installert seg på tvers med meg som håvepute og Tommy som fotskammel. Heilt sjef låg han der og snorka fornøgd.. Her er i alle fall ein happy fyr med frokosten når han endelig klarte å skravle nok til at ein av oss stod opp med han.. Og, ja.. De ser rett: Han ete brunost med sylteagurk på. Jammi..

onsdag, mai 06, 2009

Dritlukt..

Akkurat no kan de vera glad for at de ikkje bur i nabolaget her!! I går begynte alle bøndene gjødslinga for fullt, og herlighet for ein stank.. Hugsa ikkje at det var så ille i fjor! Ikkje snakk om å ha dører og vindauge åpne, lukta kryp inn over alt. Sat på skulen i dag, og syns nesten at det lukta hang i både hår og klede..

Mandag kom eg og Mathias att frå ei koseleg helg i Årdal, med konfirmasjon til Anders på søndag. Veka går med til siste dagane på skulen for min del, og Tommy må prøva å bli kvitt denna strekken sin. Mathias er i gang med bleieslutt, uten at me skal sei at det er ein umiddelbar suksess.. Blir ein del vask av både kle og sko kan du sei!!

Har ikkje teke noko bilder dei siste dagane, men legg ut eit par fra helga: