Mykje skulle vore skreve, men eg syns bilder fortel meir om korleis dagen har vore:
Slottet i Hunderfossen. Mathias tørte ikkje inn i det, då han meina han såg eit troll utanfor.
Mathias med " El Tempo Gigante" som vart bygd i 1976 og har 200 km/t som toppfart. 3 tonn tung og heile 500 hk.
I mellom all bilkøyring og anna leik smakte grillpølse godt.
Favoritten for dagen: Volvo lastebil me gass og tilhengar. Mathias fekk førerkort og der står det: Sjåføren har vist utmerkede ferdigheter og har rett til å kjøre Volvo lastebiler.
Her køyrer Mathias ekte gravemaskin. Litt vanskeleg med 3 spakar men han klarte å få opp litt sand.
Trollet som sit og slappar av fekk me desverre ikkje bilde av, men me var inni magen hans( ifølge Mathias), og der fekk me sjå "smørbukk", " Revenka", " Syvende far i huset" og alle dei andre flotte eventyrfigurane.
Mathias vil nok hugsa denna dagen lenge, og kanskje er troll og andre eventyr litt mindre skummelt i framtida. No når sommaren kjem so kan det henda me tar turen igjen, for badeparken fekk me ikkje oppleva idag. Kanskje vil nokon av dei heime i Årdal vera me på neste tur?
3 kommentarer:
So flott dag de gutta har hatt!! Fint at de tek hensyn så mamma får lese til examen : ) Mange år sidan me var på Hundersfossen, men like spennande høyres det ut! Blir litt skeptisk med tanke på turen vår i sommar, når eg høyrer kor lettskremd han er denna gutetraven....men det går nok bra, me gledar oss masse!!
Ha ei fin veke alle tre so snakkast me
Helsing mommo
Her kan eg tenka meg Mathias trivdes ja.Veit ikkje om Tommy huksa me var der,men han var og skeptisk til slike fornøyelsesparkar.Trur det er lika moro for vaksne ,som for små og vera der.Berre sei ifrå.so skal me ta han med oss.Med glede!Ellers er me to trøytte etter ei fin langhelg i København.Ha ei fin veka alle tre,og grattis ham-kam med seieren:)
Haugavegen
Så flotte bileter frå ein minnerik dag...
mangen år sidan eg var der sjølv, men den "inni magen til trollet" følelsen kan eg faktisk minnast ;o)
Me har hatt ei kjempe flott langhelg i London, kosa oss skikkelig på jentetur!
I morgon er det ny veke.. dagane flyg!
Masse lykke til med førebuinga og eksamen Stinemor ;)
Håpar me snart sjåast!
*stor klem T. Hanne & O. Joa
Legg inn en kommentar