Her kjem oppdateringen ein dag på etterskudd, men betre seint enn aldri:) 17.mai i år var ein strålande dag, heilt i motsetning til fjordårets 4 grader og sludd. Sola skein og temperaturen var super!! Me starta dagen med barnehagetoget i Hamar sentrum, og kosa oss med å sjå skuletoget, eta is og skravla med kjente med traff i byen etterpå. Det var litt mange fristelsar for Mathias med uendelig av ballong- og andre jallaselgarar, så me fant ut at det var best for familiefreden at me tok eit par timar heime på verandaen før me hadde neste post på programmet. Me var invitert på spekemat og det som høyrer med hjå familien Pettersen, og det var kjempekoselig!! Familien Ringberg var og der, og både vaksne og ungane hadde ein flott ettermiddag på terassen i sola. Dei fekk leika fra seg med ute-bandy, trampoline, moped og fotball, medan eg tok det ganske med ro og tok rollen som tilskodar:) Håpar de alle hadde ein lika fin dag!!
I dag lyt me seia HIPP HIPP HURRA for mamma (mommo Jorunn) som har bursdag, hadde smaka med litt bursdagskake i dag. Det får me heller ta att seinare!! Håpar dagen har vore bra i alle fall:)
God kveld alle sammen!!!!
2 kommentarer:
Takk for helsinga på bloggen og for fin bursdagssang fra Mathias på forskudd : ) De hadde ei super 17 mai etter bilda og dømme, og slik skal det vere for ongane - masse leik og moro og mange is!!! Bursdagen min foregikk i rolege former, og me sakna nokon til å ete den gode marsipankaka eg laga - sakna både bergensarane og hamaringane da....men me tek det att seinare, når de flinke jentene mine er ferdige med ekamenar.
God klem til dikka alle fra mommo
Fine bilde av dikka alle tre! Ser ut so dikka hadde ein fantastisk 17.mai-feiring:) Me tok fri fra feiringen i år og låg so nokon slakt på sofaen heile dagen...kjem sterkare tbake neste år;)
fortsatt god veka!
klem
Legg inn en kommentar