lørdag, desember 12, 2009

Kor blir dagane av?

Har ikkje vore nytt her på ei stund, både på grunn av ferien vår og at me har ein del å gjere om dagen.. No nærmar det seg flyttedag med stormskritt, håpar me får ordna alt me skal på dei dagane som er att!! Byrjar å bli tomt rundt om i huset etter kvart som pappeskene blir fyllt opp..

Me hadde ein super ferie på Tenerife, trur alle storkosa seg. Kunne vel strengt tatt vore meir sol, men ellers hadde me det topp! Egentlig rart at ikkje Mathias utvikla svømmehud så masse som han var i bassenget. Reine fisken til slutt!!
Medan me var på ferie vart bestefar/oldefar Willy dårleg, og onsdag kveld sovna han stille inn på sjukehuset i Lærdal. Ein trist beskjed å få, skulle så gjerne ønske at me hadde fått sagt farvel ein siste gong. Begravelsen er på fredag, så me reiser heim på onsdag. Tommy skal hit att etter flyttelasset, men for min og ungane sin del er det siste gongen me fer over fjellet utan at me skal "heim" til Hamar att..

Malin har blitt 4 mnd allerede, og er verdens blidaste.. Ikkje mykje styr med den jenta! Tykkjer ho blir meir og meir lik på Mathias, sjøl om ho på same tid er berre seg sjølv:) Mathias er same rakkaren som vanleg, og er nok veldig spent på denne flyttinga. Sidan me ikkje har fått barnehageplass enda, kan det blir ein utfordring å aktivisere han utover våren!! Berre 3 dagar att i Vangli, det kjem til å bli trist å slutte der!!



Skal sjå om me får til ein oppdatering til før jul, i så fall blir det fra Årdal. Men, så lenge må de kose dykk med juleførebuingar, ha lykke til med eksamen (Janne!!) og ha ei flott førjulstid!!

Klem fra oss 4:)