mandag, november 24, 2008

Tur i skogen.

I går snørte me på oss skoa og tok oss ein tur i skogen rett bak her me bur. Mathias sin barnehage har ein gapahuk i skogen, så Mathias viste oss vegen til den! Flinke guten sa ja uansett kva retning me peika i, men etter ein liten omveg fann me fram til rett plass:) Ellers er det fint lite som skjer her, surt og kaldt og innevær. Prøver å få lest litt til eksamen, men manglar ein god del motivasjon. Håpar det kjem seg etterkvart. Viss nokon har litt til overs, send det gjerne hitover, he, he

No skal Mathias snart på sin første ferie i Årdal uten mamma og pappa, noko som blir veldig spennanda.. Mest for oss kanskje? Men sidan me skal kosa oss hjå Christian og Janicke i England, går nok tiden fort!!

Her er eit par bilder fra skogsturen vår:





Tok ein del som vart finare, men det skal brukast til julekort!! Da kan me ikkje ha det her:) Ha ei fortsatt fin veka!!

søndag, november 16, 2008

Ny helg overstått..

Ja, da var enda ei helg over. Me har kosa oss veldig med besøk av Oddny og Stein Kåre. På planen har det vore flesketur til Sverige, besøk hjå naboane og besøk fra Lene, Espen og Kristian. I går kveld var eg og Tommy på fest hjå Camilla og Marius, superkjekt!! Men, var trøytte og tunge i håve i dag kan du sei:) Fy, så godt det er å ha barnevakt i blandt!!!

Her er litt bilder fra dei siste dagane:

To søte og trøtte kompisar som ikkje hadde sett kvarandre på lenge. Litt sjenerte, men etterkvart leika dei fint! Koselig å treffa att familien Fredriksen Olsen:)



Mathias kosar seg med puslespelet han fekk hjå farmor fordi han bæsja på do!!



Handukstativet er ein flott mikrofon, he, he..



No tel me dagar ned til Englands-tur, eksamen og julefeiring! Skal bli fint å komma seg vekk på tur litt:) Så synes me det er artig at Kåre har fått seg data, reknar med at me får mail og håpar på kommentarar på bloggen:) Lykke til med "datakurs":)

torsdag, november 06, 2008

Byggmester Bob og sønn:)

Her er det tåkete og felt om dagane, så med held oss stort sett inne i varmt og godt hus. For at ikkje me skal sovna på sofaen alle sammen, så lyt me finna på forskjelllige kjekke ting! I dag bygde me både sirkus og slott og hadd det veldig morsomt! Ein blir vel aldri for gammal til å bygga med klossar?? I måro står helga for døra, og jammen skal det bli godt. Eg har siste dagen i praksis og Tommy si første helg med fri etter ein lang og heller trist sesong... Da fortjena me eit par avslappande dagar:) GOD HELG!!


lørdag, november 01, 2008

1. november!

Enda ein mnd unnagjort, litt nærmare både jul og sommar:) Me har tenkt oss ei svært så rolig helg her på Hamar, kosa oss og lada opp til ein spennande kampsøndag. I dag har me hatt ein lang morgon i pysjen, sett barne-tv, bygga klossa og leika med bilar.





Her forresten alt godteriet me hadde kjøpt til dei som IKKJE kom på Halloween i går.. Og denna skåla er større enn den ser ut!! Blir ein prøvelse å ha alt detta i skapet:)



Mathias ønsker alle ei god helg: mmmmmmmmmmmmmsssssssssssttttttttttTTTMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMLLLLLGGGYYYYUYYYYYYYÅ
ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅEEEEEMATHIASSSDFGHKKKLØØÆÆ@@@@@RYYYUUUUUIIIII
OPŨ¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

Finst ikkje noko meir morsomt enn å få trykka på dataen:)