mandag, november 24, 2008

Tur i skogen.

I går snørte me på oss skoa og tok oss ein tur i skogen rett bak her me bur. Mathias sin barnehage har ein gapahuk i skogen, så Mathias viste oss vegen til den! Flinke guten sa ja uansett kva retning me peika i, men etter ein liten omveg fann me fram til rett plass:) Ellers er det fint lite som skjer her, surt og kaldt og innevær. Prøver å få lest litt til eksamen, men manglar ein god del motivasjon. Håpar det kjem seg etterkvart. Viss nokon har litt til overs, send det gjerne hitover, he, he

No skal Mathias snart på sin første ferie i Årdal uten mamma og pappa, noko som blir veldig spennanda.. Mest for oss kanskje? Men sidan me skal kosa oss hjå Christian og Janicke i England, går nok tiden fort!!

Her er eit par bilder fra skogsturen vår:





Tok ein del som vart finare, men det skal brukast til julekort!! Da kan me ikkje ha det her:) Ha ei fortsatt fin veka!!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Høyres ut so han ha lika god retningssans so tante si:) Mest sannsynlig pittelitt bedre, sia d fann fram t slutt;) Eg e veldig misunnlig på dei heime so kan kosa seg me godguten i so mange daga! Kunne godt tenkt meg å skippa heimeeksamen og satt meg på bussen heim......MEN hadde vel angra på d etter kvert:/ God tur t England og kos dikka masse!!! Stor klem

Anonym sa...

Ja no gledar me oss masse t å få ha godguten for oss sjølv nokre dagar, godt fordelt mellom mommo/morfar og farmor/farfar : ) Kjem og hentar han i morgo etter jobb - ska bli artig å sjå korleis han vil reagera når berre han ska reisa på tur med oss !!!
Unner iallefall de vaksne ein tur åleine - er ikkje blitt mykje av det sidan krabaten kom t verda.

Da snakkast me i morgo kveld da

mommo

Anonym sa...

Hei de på Hamar.No virka maskina so eg får svara dikka.Ja no ser me fram te og få ha Mathias åleina,og gjett om me ikkje skal kosa oss.Me skal nok sjå julekalender på tv og åpna luke på den som me skal henga opp(berre rein sjokolade.)Vert nok litt løge for han fyrste dagane,men eg trur saknet blir verre for mammaen?Går so fint Stine so kos dikka masse begge to,og god tur

Anonym sa...

Gløymde avsendar men det er oss i Haugavegen:-))

Anonym sa...

Hei og hå!!
Flotte bileter.. frå eit koslig område verka det som! Her er me så smått begynt med julevasken, litt løge at desember er så nært..
Me gleda oss til å få dikka alle tre heim til jul, men ekstra stas er det selfølgelig når kongen sjølv kjem eine og aleine nokre dagar ;o)

Kos dikka masse på tur, så sjåast me snart!
*klemklem

Triiine sa...

Hei hei.. tenkte eg skulle legga att ei helsing og.. Syns de har slek ein koseleg blogg.. kjekt å følga han Mathias.. mykje artige og fine bilde=)
kanskje eg ser dikka i romjuli og.. må jo innom tante og dei ein tur vertfall=)

klem fra trine