fredag, desember 29, 2006

God Jul og Godt Nyttår




Mathias, Tommy og Stine ynskjer alle venner og familie god jul og eit riktig godt nyttår!!!!!

torsdag, desember 21, 2006

Torsdag 21 Desember


Ja no er det kun 3 dagar igjen til jul, og i måro drar me heim til julefeiring. No pakkar Stine inn dei siste pakkane, medan eg sit her og ventar på økt nr 2.( Er sliten). I kveld skal ordna litt her i huset, og pakka til heimreisen. I måro trenar eg to gangar og etter det ventar ein 4 timars laaaang biltur...

Men det taklar me..

tirsdag, desember 19, 2006

søndag, desember 17, 2006

18 Desember



Bilder fra søndag. Helga er over, men jula nærmar seg.

Søndag 17 Desember



Hei. Klokka er 08.33 og eg og Mathias sit og ser barne tv. Kaldt er det idag og, 7 minusgrader men blå himmel på Hamar idag.
Mathias leikar på golvet mens han ser på Albert Åberg, eg oppdaterar blogg og les gjennom dagens nyheter. Snart våknar vel Stine og då blir det ein god frukost. Resten av dagen blir berre kos, med mykje tv. 1 veke til jul no...

lørdag, desember 16, 2006

Lørdag 16 Desember



Her er nokre bilder frå Mathias då han sit og kosar seg foran tv`en. I dag har det vore hektisk me julehandling på Maxi. Der var me ikkje aleina, dei fleste i byen var nok der idag. I kveld so blir det lasagne og ein film for vår del. Mathias har ete graut og er snart klar for å senga. Kun 8 dagar igjen til jul no og me gler oss meir og meir. Litt synd er det att snøen ikkje er her, men so lenge sola skin er me fornøgde.

Ha ein fin kveld.....

torsdag, desember 14, 2006

Torsdag 14 Desember





Nokon bilder frå Tenerife...

onsdag, desember 13, 2006

Onsdag 13 desember





13 Desember er for mange barn ein fin dag. Lucia dagen er dagen for masse underholdning.
Ellers lite nytt på Hamar. Mathias er på bedringens veg, ikkje so tett i systemet lenger, so snart er han frisk som ein fisk igjen. Eg trenar to ganger for dagen, mens Stine tar seg av julegavene. Jula nærmar seg styggfort, so snart er det pakking og avreise til Årdal. Kun 11 dagar til Jul, og me gler oss til å ete god mat alle saman.

Snakkes....

mandag, desember 11, 2006

Tirsdag 12 Desember




Nokon nye bilder fra Tenerife på denne dag. Jula nærmar seg, kun 12 dagar igjen............................

I måro kjem det nye bilder..følg spent med!!!!!!!

Tommy

søndag, desember 10, 2006

Mandag 11 Desember



Mathias ligg på badet, nyvaska og klar til ein blund...

Søndag 10 Desember





Her er nokre bilder frå Tenerife..Kvar dag framover kjem det nye bilder inn her, so no kan dykk gle dykk heime, i Bergen og i Dublin..

Hanne, no har du noko å sjå på kvar dag, mens dagane er lange i Dublin.!!!

Bye

lørdag, desember 09, 2006

Ferien Over!!

Ja da er me komen til 9. desember og ein lang og god ferie er over. Treningane er i gang for fullt, og gangsperra har meldt seg for fullt.
Ferien starta med 10 dagar heime i Årdal. Det var kjekt sjølv om både Mathias og Stine vart sjuke. Etter det tok me turen til Tenerife og der var det nydelig. Me budde på Sunwing Resort Fanabe, eit familivennleg hotell som passa oss perfekt. Fyrste veka var strålande med sol kvar dag og mykje god mat. Me var og shoppa litt i Las Americas som ligg 3 km unna Fanabe.
Mathias var vel kanskje den som bada meste og han stortrivdes i vatnet.

Mamma og Pappa kom til Tenerife eit par dagar seinare enn oss, og dei var litt meir ivrige på å ligga i sola enn oss. På kveldane var me ute og shoppa og avslutta med ein middag.

Alt i alt ein fin ferie som gikk litt for fort, men no står jula for tur og det gler me oss til.
Då blir det masse god mat og både Hanne og Janne kjem heim, og eg trur nok dei gler seg til å sjå Mathias.
I kveld blir det julebord med spelarane for min del, mens Stine får besøk av fotballkoner.

Ha ein fin Lørdagskveld