onsdag, februar 24, 2010

Her går det unna!!!

Drista meg til å prøva å legge ut ein video:

Flinkaste babyen!!

torsdag, februar 18, 2010

OL-modus..

Ja, no sit me klistra til tv'n kvar kveld. Rart korleis til og med curlig blir artig berre det er OL!! Men, seriøst, så ser faktisk curlig kjekt ut.. Trur det hadde vore noko for meg:) No har eg nettopp sett at Norge tok sitt andre gull, og jammen måtte det ei jente til denne gongen og.. Kjedelig å sitte åleine når det er så spennande, Mathias kom ut to ganger og lurte på kem det var eg snakka med, he, he.. Tommy er i Skien, kamp i måro!

Synes eg hadde vore så flink å blogge i det siste, men ser på datoen at det faktisk er lenge sidan.. Ikkje noko særlig med bilder har me tatt heller! Treng ein skjerpings!! Sidan sist har me feira litt morsdag oog fastelavn, og me har vore i kjekk bursdag til Sandra. Der fekk me så masse gode kaker:
Mathias tilbringar ein del tid med ansiktet klistra til eit LEGO Star Wars spel eg kjøpte, HERLIGHET eg angrar det kjøpet.. Snakk om å tenke langt. No er det hyl og skrik og hel**** kvar gong han må slå av.

Well, well.. No det snart klar for herrene på skiskyting, så da lyt eg benka meg!! Ha det så bra:)

mandag, februar 08, 2010

Lille trille er 6 mnd i dag..


..og feirar med å vere sjuk - igjen! Blitt ein del snørr og slim dei siste mnd, så no er me lei! Men, heldigveis er ho like blid:)

Og så har me fått oss ei lita kanin:
Ansiktsmaling er poppis om dagen, det skjønnar de sikkert.. Einaste gongene han stiller opp på bilder!

fredag, februar 05, 2010

Fredlig fredag.. ha ha.


Ja, da var eg og ungane aleine i eit par dagar, medan Tommy er i Ålesund på kamp. I kvald skal eg og Mathias ha pølsefest(finst det noko bedre??) og så tek me oss ein liten tur til Årdal i måro. SO kjekt å kunne ta ein tur utan å måtte pakke heile livet i bilen før ein kjem seg avgårde. No har eg og Malin nett vore og leika litt med Frida og Katrine. Kjem t å sakne dei sånn når dei flyttar:(

Bilen vår har skapt seg heilt idiot etter at me flytta. Veit ikkje om den furtar for at den saknar Hamar, eller om den rett og slett er fornærma for noko.. Starte har den i alle fall ikkje villa. Heilt til me begynte å innhente tilbud på ny bil, og bestemte oss for at me vil kvitte oss med den.. Da har pipa fått ein anna lyd! Spent på kor lenge det varer. Tirsdag GJEKK me i barnehagen, 40 minutt(dobbelt på meg som måtte gå heim og...) med 10 minus i fleisen. Malin i vogna, eg pustsande som ein kval(dårlig kondis)og Mathias luskande etter. Dårlig start på dagen.

Malin har blitt så flink å sitte sjølv, så må nett vise fram eit lite skrytebilde(for det har det vel ikkje vore på bloggen før.. eller?)
Vart berre bilde av Malin i dag, ikkje så fotoglad Mathias for tiden.. Men, men.. Håpar de skal noko kjekt i helga:) Helg er no helg uansett:)