
Håpar de ikkje er blitt lei av å vente på nye innlegg og har slutta å besøka bloggen vår!! Ein liten bloggtørke, men no er me i gang igjen:)
Forrige helg hadde me ei flott helg i Årdal, masse avslapping, god mat og kos på Tangen. I veka som har vore no har eg jobba seint nesten kvar dag, så det er Tommy og Mathias som har styra heime om kveldane. Eit par dagar har det vorte på Mathias i barnehagen, men der er det berre eit par ungar for pga ferien. Så da har me kosa oss mest mulig heime!!
Ellers site me no her og ventar på sola, er me heldige er ho framme i små glimt!! Håpar på opphold i dag i alle fall, for me har planar om å reise til Snilsberg familiepark for å sjå show med kaptein Rødskjegg!!! Det kan bli stas..
Ha ein fortsatt fin laurdag!!