Mamma har vore utrulig flink til å ta vare på alt me leika med når me var yngre, og no hadde ho funne fram legoen. Mathias har ikkje gjort anna heile veka (eller rettare sagt så har ikkje dei vaksne gjort anna), og det var det utruligaste som fremdeles kunne byggast til minste detalj. Morsomt å sjå att gamle leiker:)
Ellers har ungane blitt rimelig bortskjemt med oppmerksomhet fra besteforeldre, oldeforeldre, tanter og onklar!! Mathias har vel hatt gjennomsnittlig to kroneis for dagen, og Malin har gått fra arm til arm. Vel, vel det er nok sånn det skal vere når det blir så sjelden;)

Pappa henta oss på Fagernes når me skulle vestover, deilig å slippe bilturen aleine med ungane! Tommy kom mandag for å hente oss, han hadde plutselig fått eit par uventa fridagar. Situasjonen med fotballen er vel mildt sagt ikkje på topp akkurat no, så det blir nokre spennande veker framover..

No er det helg att allerede, og i morgon er det planlegging i barnehagen. Da lyt me finne på noko koselig heime, for Mathias får besøk av kompisen Kristian. Det blir stas!!! Ha ei flott helg alle sammen!!





