No har me faktisk hatt over 10 000 treff på bloggen vår, jammen har me ivrig familie;)Men, det er morsomt at de er inne og kikkar og legg att koselige kommentarar til oss. Sat lenge og såg på gamle innlegg forrige dagen, blir jo nesten som ei dagbok over dei siste åra.. Kjekt å sjå tilbake på både innlegg og kommentarar!
No går det seg mot helg, håpar de har noko kjekt planlagt! Eg og Malin skal på trening i måro, før heile familien skal 1-års dag til søte Aida. Ellers blir det å slappa av, før Tommy reiser til Notodden laurdag og skal spele kamp der søndag.
Klem klem.
3 kommentarer:
So fine bilder-Malin e berre so fiin!! Forandrar seg heile tida, og likheitar med broren vel? Tenkte på at det var 2 mnd. dag i dag,men gløymde å sende helsing : (
Var på hytta fra i går til i dag, og der lava snøen ned!
Vegen over vart stengd i dag, så no er det vinter. Fredrik og nokre venner skal dit i morgo, og Sverre e på Åsete...så eg veit ikkje kva eg ska finna på i mi frihelg.....det blir vel tv og godstolen : )
God helg til dikka alle, og lykke til med kampen, Tommy - me kryssar fingrane!!
Håpar me ser dikka snart!!
Mommo
Grattis me 2mnd-dagen t gullet vårt!:)
Fortsett me oppdateringane, d lika me! Lika kjekt kver gang og bakgrunnsbilde på dataen min forandra seg i takt med oppdateringane ;)
klem
Næmmen har de sett noko so søtt?Sjå kor ho reiser seg opp,og det gode smilet da.Her går det fort framover.
Me her heima har endeleg fått sett sola og den skal nytast.Ha ei fin helg på Hamar og so kryssa me fingrane igjen:)
Haugavegen
Legg inn en kommentar