onsdag, mars 24, 2010

TrimmeMalin

Malin har brukt ettermiddagen på trim.. Litt ute av fokus på bildene, men var ikkje rask nok på labben til å få tatt ordentlig.



Ho har forresten lært seg eit nytt triks og, så no hompar ho bortover på rompa. Halvveges ut i spagaten får ho seg faktisk dit ho vil!! Prøvde å legga ut video, men fekk det ikkje til...

Mathias har ein sur dag i dag, og eg er "dumme-mamma". Alltid like kjekt.

Håpar de har det fint alle sammen, særlig Janne som spankulera rundt i New York's gater. Kan umulig væra noko særlig? Eller??

Smask!

søndag, mars 21, 2010

Innlegg nr 200!

Har vorte ein del innlegge dei åra me har hatt bloggen, sjølv om me ikkje alltid har så mykje å skrive om.. Blir det 200 til tru?? I helga har me i alle fall feira bursdag i Årdal, litt på førehand sidan Oddny reiser til syden på dagen sin. Masse god mat, kaker og godt selskap, ei kjekk kveld med andre ord!! Men, sidan kameraet låg i veska, blir det ikkje bilder fra feiringa.. Får nøya dikka med litt av ungane fra dei siste dagane..

Ellers står alt bra til her, er HAPPY no når snøen er vekke.. Har venta lenge på det! Håpar sola held seg til i måro, så blir det trilling i EKTE vår vær..

God veke:)

tirsdag, mars 09, 2010

fredag, mars 05, 2010

Road trip til Bergen..

Tommy reiste i dag på sin årlige LaManga-tur, heldige han som sleppe unna snøen litt. For her vil det ingen ende ta... Har vinteren langt opp i halsen! Så da har me bestemt oss for å ta ein liten road trip til Bergen for å besøke gjengen der. De kjenne vel alle til mine ferdigheter bak rattet, så det blir jo spennande å sjå om me endar opp i Krabbedalen til slutt! Gledar oss i alle fall masse:)
Eit par bilder av dei vakre små må vel til for at det skal bli eit godkjent blogginnlegg:



Oppdaterte statusen min på Facebook forrige dagen med: Eg SPYR av snøen.. Og jammen santen, i går fekk eg spysjuka for første gang.. Håpar det var siste for å sei det sånn! Var heldigvis berre eit døgn, men æsj.. Håpar me ikkje smitta nokon andre i alle fall!

Nei, no får eg ta og pakke litt til turen i måro sånn at alt er klart til me står opp.
God helg, folkens:)