lørdag, desember 09, 2006

Ferien Over!!

Ja da er me komen til 9. desember og ein lang og god ferie er over. Treningane er i gang for fullt, og gangsperra har meldt seg for fullt.
Ferien starta med 10 dagar heime i Årdal. Det var kjekt sjølv om både Mathias og Stine vart sjuke. Etter det tok me turen til Tenerife og der var det nydelig. Me budde på Sunwing Resort Fanabe, eit familivennleg hotell som passa oss perfekt. Fyrste veka var strålande med sol kvar dag og mykje god mat. Me var og shoppa litt i Las Americas som ligg 3 km unna Fanabe.
Mathias var vel kanskje den som bada meste og han stortrivdes i vatnet.

Mamma og Pappa kom til Tenerife eit par dagar seinare enn oss, og dei var litt meir ivrige på å ligga i sola enn oss. På kveldane var me ute og shoppa og avslutta med ein middag.

Alt i alt ein fin ferie som gikk litt for fort, men no står jula for tur og det gler me oss til.
Då blir det masse god mat og både Hanne og Janne kjem heim, og eg trur nok dei gler seg til å sjå Mathias.
I kveld blir det julebord med spelarane for min del, mens Stine får besøk av fotballkoner.

Ha ein fin Lørdagskveld

1 kommentar:

Anonym sa...

Heisan i Vangliveien.Takk for fin ferie med Mathias og dikka på Tenerife.Er ikkje so lenge før me samlast alle til jul inkl.Hanne og Joacim.Det gler me oss til.Saknar bilde av gullet på bloggen?Ha ein fin søndag Mams