tirsdag, desember 09, 2008

9. Desember og snart Jul...




Jula nærmar seg med stormskritt, og her går no dagane. Stine er på jobb, og Mathias kosar seg i barnehagen. Etter ei fin veke heime i Årdal, kom me heim til minus 10 grader og masse snø. Blir litt meir julestemning når snøen ligg og det blir litt lysare ute.

Stine skal ha ein eksamen til før jul, mens eg tar livet me knusande ro. Mathias er mest opptatt av å få pakke kvar dag no, helst fleire om dagen, men han har no skjønt att det er kun ein pakke kvar dag fram til julafta.
Var på besøk av Yvonne og Ronny når me var i Årdal, og dei hadde ein fin tv benk, som me måtte kjøpa me og. Etter eit par timar me jobb igår kveld var den ferdigstilt. Litt omøblering måtte til i stova men eg syns det vart fint eg.

Ha ein fortsatt fin dag...

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei igjen,jau benken var fin den.Litt forandring og om-møblering gjere godt av og til.Vart voldsom stilt etter at de reiste,for Mathias er no ein sosial og pratande gut vorten.Bra det ikkje er lenge te jul.....Ha ei fin veka adle tre
Oss i haugavegen

Anonym sa...

Det e´no bærre lækkæ´rt... :)
Sku ha vore eit nærbilete, hehe..
Forandring frydar seie dei, og det skal eg vera enig i..
Her er det kaldt, men snøen manglar..
men det er ikkje så fela nøye om han drøye til vetle julafta.. Da vert det stemning!
Ha fortsatt ei fin veke, lukke til med med eksamensførebuing.. og så får de to hine so berre går å ventar på pakkar vera snille med student´n :)

klem H&J

Anonym sa...

Fin benk,ja Her er det og blitt ny både tv og benk-masse lyd og mykje bilde : )
Her går alt sin vante gang før jul. Mest jobb, men og litt baking og gåvehandling...Tenkte eg skulle rydde og vaske litt i kveld, men alt anna e kjekkare...som foreksempel kaffi og nylaga småkaker, blogg, tv,ukeblad!! Men kvelden e lang, blir nok fint ska de sjå. Far i huset er i Bergen, og han og ynskte dattera hade kos middag ute i går - heldiggriser : (

Får vel reisa meg opp vel? Ha ei fin helg med alt de måtte finna på.

Helsing mommo som gledar seg til alle kjem heim til jul : )

Anonym sa...

Han vart fin til slutt ja :) Ikea sine flatpakker er 1000 ganga betre :) snakkast til jul (å det er berre ei veke til )

klem fra yvonne