lørdag, desember 12, 2009

Kor blir dagane av?

Har ikkje vore nytt her på ei stund, både på grunn av ferien vår og at me har ein del å gjere om dagen.. No nærmar det seg flyttedag med stormskritt, håpar me får ordna alt me skal på dei dagane som er att!! Byrjar å bli tomt rundt om i huset etter kvart som pappeskene blir fyllt opp..

Me hadde ein super ferie på Tenerife, trur alle storkosa seg. Kunne vel strengt tatt vore meir sol, men ellers hadde me det topp! Egentlig rart at ikkje Mathias utvikla svømmehud så masse som han var i bassenget. Reine fisken til slutt!!
Medan me var på ferie vart bestefar/oldefar Willy dårleg, og onsdag kveld sovna han stille inn på sjukehuset i Lærdal. Ein trist beskjed å få, skulle så gjerne ønske at me hadde fått sagt farvel ein siste gong. Begravelsen er på fredag, så me reiser heim på onsdag. Tommy skal hit att etter flyttelasset, men for min og ungane sin del er det siste gongen me fer over fjellet utan at me skal "heim" til Hamar att..

Malin har blitt 4 mnd allerede, og er verdens blidaste.. Ikkje mykje styr med den jenta! Tykkjer ho blir meir og meir lik på Mathias, sjøl om ho på same tid er berre seg sjølv:) Mathias er same rakkaren som vanleg, og er nok veldig spent på denne flyttinga. Sidan me ikkje har fått barnehageplass enda, kan det blir ein utfordring å aktivisere han utover våren!! Berre 3 dagar att i Vangli, det kjem til å bli trist å slutte der!!



Skal sjå om me får til ein oppdatering til før jul, i så fall blir det fra Årdal. Men, så lenge må de kose dykk med juleførebuingar, ha lykke til med eksamen (Janne!!) og ha ei flott førjulstid!!

Klem fra oss 4:)

3 kommentarer:

Hanne sa...

Takk for sist!! Det var så koselig å få vera saman..
Det blir spennande for alle å ta fatt på ein ny kvardag i andre omgivelsar..
Sjølv om det er vemodig på mange måtar, trur eg me alle kjenne på kor godt det skal bli å få dikka litt nærmare...

De får nyta og kosa dikka masse dei siste dagane, så godt det let seg gjera... det er løge med det når det byrjar å blir tomt...!
Me gledar oss til de kjem heim...

Snakkast...

Janne sa...

Såg ikkje feil ut me ferie i sola nei! Dei bli berre større og søtare begge gullisane syns eg:)

Her går d sakte men sikkert mot mål i årets eksamensmaraton (so forresten ha vore uendelig langt!) og sjølv triste omstendighetar, skal d bli godt å ta juleferie og komma heim til kjære og kjente:)

Lykke t me siste innspurt, so sjåast me veldig snart!

Stor klem <3

Triiine sa...

Så masse fine bilde! Heldige som har vore på tur! Ser ut som de ha kosa dikka masse=) Lykke til med flyttinga!
Klem fra Trine