Ungane merkar heldigvis lite til stresset, og er like gullete som alltid. Mathias er sta som eit esel(kor KAN han ha det fra??), men som eg skreiv i forrige innlegg så løyser ein telefon til nissen det meste. Lurer på kva me skal true med når jula er over.. Blir tidlig debut på Påskeharen i år kanskje?
Har ikkje vore så flink å teke bilder dei siste dagane, men her er eitt av Malin da ho oppdaga tedn sine på stellebordet. Sidan så har ho lege sånn, til og med om natta. Når ho våknar ligg ho og dreg seg i tåfisen og skravlar og ler. Bra ein av oss er blide på den tida av døgnet..
Tek tidlig helg her i huset, håpar de har lika kjekke planar som oss:) God helg!!!
2 kommentarer:
Dei e so fine gullungane våre!! Spennande for Malin å stadig oppdage nye ting å undra seg over. Og ligg ho berre å spenne med" tedn"i høgste lufta tidleg om morgonen, so er vel det greit? Men eg skjøna no at det hadde vore godt å få sove litt lenger....
Her i huset er det kaos. Driv og pussar og lakkar golv i kjellaren, ha fått den nye salongen som blir ståande i stova ved sia av den andre salongen.....skap, hyller,bord og kassar i skjønn forening... overalt....Ser nesten ut som me er på flyttefot og : )
Eg har natthelg og Fredrik ska jobbe, så slik blir vår helg!!
Ikkje stressa for mykje på Hamar, ingenting e verdt det at d slit dikka ut!!
GOD HELG OG GOD FERIE...pass godt på ungane og kverandre : )
Mommo
Takk for det:) Ikkje slita dikka ut d heller!!! Stor klem.
Legg inn en kommentar