torsdag, januar 14, 2010

We are back!!

Ja, ja.. Me får prøva oss på ein ny og frisk start på det nye året her på bloggen. No har me lagt alt stess bak oss, og er på plass i leiligheten i Sogndal. Både løge og veldig godt å vera sogningar att!! Huset på Hamar er solgt, og no ser me fram til å vera nærare familie og venner. MEN sjølvsagt er det mange me kjem til å sakna på Hamar!!

Juleferien var flott, men sidan me feira den saman med de fleste av våre trufaste blogglesarar vart det naturlig nok lite oppdateringar. Så no når kvardagen er over oss att, får me vera litt flinkare:) Eg og Malin kosar oss heime. Her er det heldigvis nok å finna på med barselgruppe, trilleturar og besøk. I morgon skal me på babysang, så det kan jo bli spennande. Håpar det er nok folk til at ingen merkar at eg mimar, he,he.. Malin, stakkar, er jo vant med kattejammeret mitt, men eg treng jo ikkje skremma vettet av resten av babyane i Sogndal.

Mathiasen trives godt i ny barnehage, det har jammen gått over all forventning. Masse trivelige folk som jobbar der, og skjønne ungar. Mathias er den eldste, så da får han sikkert vera litt "sjef".. Ellers er han no samme rampen som før!! Malin lyser opp berre han ser på ho, for da veit ho at det blir herjing og leik. Ikkje vanskelig å sjå at ho kjem til å forgude storebroren sin!!

Malin har fått dei søtaste tannebissane, ingenting er så søtt som babyar med to små kvite tenner i munnen. Ikkje fullt så søtt når ho testar dei på puppen min..

Sjølv om han er ein liten(eller STOR?) Emil, er han no tidvis ein blid og snill gullonge og;)

No får me snart komma oss til sengs, så me er klare til å feira bursdagen min (JIPPI!!!) i morgon:) Daimkaka er i frysen, og så skal sjokoladekaka bakast i morgon.. Tommy skal vere vert på ei fotballturnering i helga, så det spørs kor masse me ser til han:(

Ha ei super helg, folkens:)
Klem klem.

5 kommentarer:

mommo sa...

Eeeendeleg!! Har savna bloggen masse, men me ha no vore so heldige å ha dikka her lenge. Gode bilder av ungane : )
Skal bli kjekt å feire bursdagen din i Songdal i dag, Stine - GRATULERER MED DAGEN!! Høyres ut som det blir masse godsaker til kaffien, og det er vel fleire enn meg som likar sjokoladekake : )

Snakkast
Helsing moder`n

Janne sa...

Endelig oppdatering! (eg tørr ikkje tenka på kor mange gange eg ha sjekka!;)

Nydelige bilde av både Malin og Emil:)

Grattis me dagen so sjåast me om ei veka!!! <3

klem

Triiine sa...

oioioi.. oppdatering.. d har eg venta på=) so flott det går seg til i sogndal!... Gratulera med dagen Stine... missunle på den daim iskaka forresten! håpa de kosa dikka=)

klem fra trine

Hanne sa...

GRATULERA MED DAGEN, den er din..
alle gamle alle unge... ja!
29 er då ingen alder... supersprekeStine :D

Så var det veldig kjekt at bloggen er oppe å går att, det er har vore mange håpefulle trykk innom tidlegare... :)
Nydelige bileter, reine fotografen(ane)!

Ha ein fin kveld - me sjåast sundag ;)
*klem*

Anonym sa...

Takk for koseleg gebursdag feiring i Sogndal i dag.Har fått gode kaker og taco til kvelds.Må sei me er glade for å ha dikka so nærma!
Fint at Mathias lika seg og,var litt spent på det.Malin er sprudlande,uansett.Skikkeleg solstråle:)
Kjekt at Tommy scora mål i fyrste kampen og.Berre velstand also!Ha ei fin veka alle,og so ses me neste søndag:)
Helsing Haugavegen