torsdag, juni 11, 2009

Joda, me lever fremdeles:)

Det har vore litt svikt i bloggingen siste to vekene, men det har sin naturlege forklaring. Eg har stort sett sete bøygd over bøkene, Mathias har hatt seg ein ferietur til Årdal, og Tommy har vel ikkje hatt stort å blogga om han heller:) Men, me prøver oss på ein frisk start i dag!!

ENDELIG er eg ferdig på skulen!!! No kan eg faktisk kalla meg adjunkt:) Må jo så klart ha stått på eksamen først, men håpar at det har gått bra:) Så no kan eg nyta sommaren om den finn det for godt å komma til Hamar. Skal ta litt vikartimar neste veka, men det blir berre koslig:)

Etter besøk av Oddny og Stein K i pinsen, vart Mahias med i bagasjen heim for å kosa seg litt med mommo, morfar og onkel Fredrik. Der hadde han nok hatt det som plommen i egget, stas å vere på tur åleine. Må innrømma at det vart veldig stille og tomt her i huset, me lurer no litt på kva me egentlig gjorde på heile dagen før me vart tre...

I dag har me forresten vore på ultralyd for å sjå korleis det står til med jenta i magen, og det såg ut som ho hadde det veldig fint der inne:) God og lubben allerede, og med både bein og armar i full vigør:) Så no gledar me oss til å helsa på ho om så ikkje alt for mange vekene:)

Det har gått litt trått med fotballen i det siste, men me får jammen håpa at det kjem seg litt. Me treng nokon fleire poeng no! Tommy har travelt kampprogram framover, er ikkje så veldig misunnelig på det. Om ein måneds tid blir det litt ferie, så da får me sjå om det ikkje blir ein tur heim til Årdal!

I går hadde me koslelig besøk av Anja, kjekt å sjå ho att!! Me lagde pizza og såg ein elendig landskamp.. Det er vel stort sett det meste som har skjedd i det siste, og me har vel heller ikkje tatt noko særlig med bilder. Men, her kjem nokon fra i ettermiddag..


"The Kelly Family", eller??


..og enda er det sju veker igjen!!


Nesten for kul til å gidde å stille opp på bilde.. Måtte bestikkast!

7 kommentarer:

Anonym sa...

Grattis Stine som ferdig adjunkt,eg berre bøyge meg i støvet!Du er kjempeflink,og kor fin mage du har.Blir nesten rørd av berre og sjå den.De kan tru me gledar oss...De har no ein godgut fra før da,og han er grei som gull og reisa med.Me fekk mange lattersalve av skøyaren under turen,so me koste oss.No må de nyta sommaren,so kjem nok det bedre tider på fotballbana og:)
God helg alle tre
haugavegen

Janne sa...

Ja, eg ha vore trufast inne kver dag for å sjekka bloggen...so følte d va på tide me oppdatering no!;)
So fiiiin og stor magen e blitt...spennande:)
Grattis me sommarferie og tittel, du står nok me glans på alle eksamenane!
God helg, alle tre..
stor klem:D

Hanne sa...

Du er so snaopen at det nesten ikkje er til å tru, fine magen..
Det er fyrst når eg ser den slik at det går opp for meg, det kjem ein til.. ;)
Eg føler eg ikkje er heilt budd.. hehe!
GRATULERA med tittel og heile pakka, no kan du ta vel fortjent "ferie".. det er ei spanande tid i møte!
Mathias er blitt ein vaksen gut og koslig at han kjem litt sånn på besøk aleina av og til..

Me kan ikkje henga med hovudet allereie no, men håpar de klarar å "løfta" dikka lite veta Kamma..
HeiaHeia!

No er me klare for "fjord"dagar her i bygdi.. spørs om eg sparar kruttet til i morgon.. :)

God helg og kos dikka masse!!
*klem H&J

Unknown sa...

So kjekt å høyra at det kjemme ei liti jenta :) Du ser skikkele flott ut, Stine :) Kule-Mathias må nyta siste tiden som einebarn no! Håpa me ser snurten av heile gjengen i sommar. Klem fra Kari Merete og trollungadn :)

Anonym sa...

hei hei!!!Grattis da godt å være ferdig! Er ikke lenge igjen nå da,kjempe fin mage har du!!! Skulle fått til å møtte også snart?
Klem fra cecilie m fam

tante Bjørg sa...

Hei der på Hamar. Gratulerar so mykje Stine .. endeleg ferdig. No er det berre å forbereda seg på å ta imot nytt familiemedlem. Det blir sikkert ei skikkelig trultemor. Fantastisk flott mage, for ikkje å å snakke om jenta som magen sit på:-) Her i huset gjer me oss klare for festival. Skal på Norwegian Wood. Didrik får ein draum oppfylt - konsert med Big Bang. Blir ikkje dumt for Arne og meg heller. Ha ei strålande helg og veke. Klem fra tante Bjørg

mommo sa...

Det e no so kjekt å inn å lesa alle som har skrive til dikka på bloggen. Får ikkje vera verre eg heller da! Ha nett sett knallmålet til Tommy på tv - topp!!
Me gler oss me og til å sjå den nye jenta i familien, og til å følga desse to krabatane vidare : )
No e det att to veker, så er det ferie...det ska bli so GODT!! Gledar oss t ferietur med gutane, no ha me ordna både hotell og leiligheit, so detta bli kjekt!

Fortsatt god helg alle både på Hamar og ellers : )

Mommo