onsdag, mai 06, 2009

Dritlukt..

Akkurat no kan de vera glad for at de ikkje bur i nabolaget her!! I går begynte alle bøndene gjødslinga for fullt, og herlighet for ein stank.. Hugsa ikkje at det var så ille i fjor! Ikkje snakk om å ha dører og vindauge åpne, lukta kryp inn over alt. Sat på skulen i dag, og syns nesten at det lukta hang i både hår og klede..

Mandag kom eg og Mathias att frå ei koseleg helg i Årdal, med konfirmasjon til Anders på søndag. Veka går med til siste dagane på skulen for min del, og Tommy må prøva å bli kvitt denna strekken sin. Mathias er i gang med bleieslutt, uten at me skal sei at det er ein umiddelbar suksess.. Blir ein del vask av både kle og sko kan du sei!!

Har ikkje teke noko bilder dei siste dagane, men legg ut eit par fra helga:


3 kommentarer:

Hanne sa...

Åå..finaste gutn!!!!
Så stilig med caps og slips.. for å ikkje snakka om bunad! Det står ikkje på antrekka der nei.. ;o)
Her ha influensaen sneke seg inn, det er ikkje noko særleg! Håpar den forsvinn lika fort så den kom ;)

I morgon er det helg igjen, HEI kor det går!!
Vèrmeldingane er ikkje dei heilt store, men me skal nok nyta helga lika vel!

Kos dikka på hamar med og utan lukt..
Lykke til med bleieslutt M! Det kjem seg nok ;)

•klem H&J

Anonym sa...

Hei på dikka!Skal me snakka om lukt,er me so ymse vande her i bygdi.Ekje noke parafymelukt nei.Men sjå på godguten vår da.Alt kler den smukke og Synne var og kjempefin.Ser ut til at Mathias kosa seg ja.
No er det endeleg fredag,og denna helgi skal me vera i ro.Da får det ha ei god helg på Hamar,og so håpa me soli snart visa seg:)
Haugavegen

Anonym sa...

Sender dikka ei lita helsing på Tommy sin bursdag : )
Allerede ei veke sidan dei fine bilda vart tekne i Årdal - so stram kar, i ny bunad for andledningen! Kjempefine dagar og kjekt å ha dikka heime. Synne og dei andre kosa seg og var flinke å passe på Mathias.
Sjølv har eg gjort unna ei ferieveke, med supre dagar i London med "klubben". I morgo er det tilbake til jobb, anten ein vil eller ikkje.....

Ha ei fin veke alle tre.
Stor klem fra mommo og gutta : )