Påsken har vore veldig koslig som vanlig. Late dagar i Fardalen med det som høyrer til. Me sakna jo Janne som var i NY, og tante B med familie som var sjuke, så det vart jo annleis enn det pleier. Mat og godteri hadde me til å fora halve Årdal, kjenner eg blir svolten av å tenka på det!! Max kosing!!
Oddgeir med familie var i Årdal, stor stas for Mathias med leikekameratar! Kan jo bli litt lenge med ei heil veke med berre voksne. Malin stakkar, ho vart sjuk med feber, snørr og hoste. Ikkje hjelpe det på at heile gebisset har bestemt seg for å komma på ei gong heller. Heldigvis ser det no ut som det roar seg litt no! Litt bilder fra påsken:



Tommy og Sogndal tok tre poeng i fyrste kampen, heldigvis ein god start!! Etter eit lite avbrekk trur eg det var hardt å komma igang att, men det tek seg nok snart opp!!
No har eg vel nokon minuttar før ho vaknar av luren sin, så eg får prøva å få gjort noko fornuftig her heime.. Tiden flyge når ein sit med pc'en på fanget!!
2 kommentarer:
So fine påskebilder!
Eg såg sesongåpningen på nrk.no....
Ekte supportar - ikkje verst, hæææ?:)
Saknar dikka!
God helg og stor klem fra Bergen :D
Enig med Janne-kjempefine påskebilder. Kjekt å ha dikka på besøk på hytta og kjekt å få ha Mathias nokre dagar åleine. Da gikk det i snøhyttebygging, skigåing og toppen på alt: scootertur til Murane med morfar !!!
Saknet etter de som ikkje var der kjende me nok på, men Oddgeir og Co gjorde sitt til at det ikkje vart ei stusseleg påskeafta for oss : )
Men..kverdagen innhentar oss fort, eg går mot arbeidshelg, Fredrik skal jobba i morgo og morfar ha slite seg i ryggen og må til legen.....
Ha ei fin helg, håpar sola kjem så de får vere ute!
Legg inn en kommentar