Da har me fått i oss siste resten med kaker, jammen greitt å få det ut av huset.. Mathias har fått feira seg bade i barnehagen, med familien og i barneselskap. Trur han var førnøgd med alt, sjølv om det kan vere masse å fordøye! Så koselig å bu så nær at det blir mange i bursdagsselskap:) Me lagde Darth Vader kake til barneselskapet, og den falt godt i smak både hjå voksne og ungar!
Helga har me delt litt mellom Årdal og Sogndal. Sidan Tommy har lege strak med halsbetennelse sia torsdag, tok eg med meg ungane til årdal i går.. Greit å få litt pusterom når ein ikkje er heilt i form. Helene, Hege og søtaste Johannes var på besøk hjå Kirsten og Håvard, så da fekk me jammen i oss litt kaker der og. Etterpå var me hjå oldefar Kåre og åt kvelds, så me hadde ein kose-dag i Årdal:)
Malinsen er super-happy som vanlig. Har funne ut at ho kan reisa seg opp, så da var ho ikkje lett å få til å sova om kvelden... Måtte fram med posen me brukte til Mathias, og da tok det 5min før ho sov!
Ha ein fortsatt fin søndag:)
2 kommentarer:
Jammen vart det star wars kake på bursdagsbarnet og!! Heldig gut som har så kreativ mamma : ) Me hadde ein fin bursdag i Songdal, godt å sjå at Mathias e den same gamle etter fallet i barnehagen.
So kjekt at de tok ein dag med oldeforeldra i Årdal, det sette i allefall Kåre pris på. Sjølv er eg litt "bakpå" etter helg på Beitostølen med jobbkollegaer, men ei god natts søvn no, so er me klare for ei ny arbeidsveke m/arbeidhelg : (
Neste bursdag blir vel her hjå oss, så da håpar me de tek dikka ein Årdalstur att.
God bedring til Tommy og ei god veke til alle!!
Mommo
Eg veit iallefall kven eg skal ringa når eg treng kaketips - detta kan du Stinemor! :D
Så flott 4 års feiring - bursdagsbarnet kan ikkje anna enn vera stoor fornøgd, hehe...
Me storkosa oss iallefall! ;)
Helgene flyr avgarde, ny veke står for tur..
Kos dikka og god betring Tommygutt :)
Klem H
Legg inn en kommentar