lørdag, august 27, 2011

Tidleg ein lørdag´s morgon

kl.07:24 ....då op, då op papa
kl.07:24....pappa, pappa eg får ikkje på tv`en..



Slik starta lørdagsmorgonen for underteikna. Ikkje uvanleg, men idag hadde det vore godt med 1 t eller 2 lenger søvn.  Ein får heller ikkje lyst til å stå opp når ein ser ut, mørkt, vått og hausten faretruandes nær.


Denne helga blir det bursdagsfeiring på Tangen. Trym og Tuva har runda året og me gler oss til kake og kaffi imåro. Ellers har fatter vore her denne veka og fått lista i kjellarstova, soverom nede og trappa. Det vart kjempebra, men i skrivandes stund so gidda eg ikkje gå og ta bilde av det no. Istedenfor tar eg eit bilde av nye skapa som Stine har lengta sånn etter. For oppegåandes folk so ser ein at det manglar benkeplata oppå, noko på sidene og golv eit eller anna. Dette får me ta på når "han" som kan slekt kjem på besøk.

Ha ein fin lørdag og ei flott helg.....


onsdag, august 17, 2011

Sofaen kallar

Hello folkens. Da var nok ein dag snart over, og Stine´s første jobbdag er over. (Ho sovna på sofaen under barne tv). Mathias og Malin har unnagjort sin første dag i barnehagen og det gjekk fint. Sjefen sjølv har vore på sykkeltur i dalen og sit her no med veldig god samvittigheit. Studentane er tilbake i bygda, og brukar denne veka til festing og atter festing.

I videoen so kan det høyrast ut som at ein fugl sit på mobilkameraet mitt, men dette er plystraren Mathias som ikkje gjer anna om dagen:) Eg måtte høyre to og tre gongar men det er faktisk Mathias som lagar fuglelydar:)



Sjarmtroll

tirsdag, august 16, 2011

Dvaletida er over, we are back

Mathias er blitt stor gut!!
Etter snart 1 år i dvale er det på tide å blogge litt igjen. Mykje har skjedd dette året, og mange bilder er blitt tatt. Malin har runda 2 år nyleg og Mathias er blitt heile 5 år. Det går unna her i huset for tida. Ungane flyr høgt og lavt og dei voksne tar fatt med jobbing igjen, etter ein laaang sommarpause. Huset byrjar å sjå bra ut, og me gler oss til forsettelsen. Sjølvsagt er det ein del igjen, men me får ta litt etter litt.
Malin i bassenget



Mathias på fjelltur
Sommaren har me tilbrakt stort sett heime men nokre få unntak har det vore. Ein super tur til København der me feira Jorunn var kjekt. Me har og vore på Hamar ein tur, alltid kjekt å returnere der. Me har og vore i bassenget "heime" eit par gangar og kosa oss dei dagane sola skein.

No gler ungane seg til å starte i barnehagen igjen, Mathias er blitt rev på avdelinga si, mens Malin er blitt ei av dei eldste på si avdeling. Heime so er dei litt i tottane på kvarandre, der den eine eglar den andre. Det er vel dette dei kallar søskenkjærlighet.

T&T


Trym og Tuva veks til og er snart 1 år gamle. Me var heldige å sitta barnevakt for dei i helgi då mor og far var på sosialtur til Dublin. Det gjekk kjempefint og fristar til gjentakelse.








Ellers so susar dagane av gårde og før ein veit ordet av det er høst og vinteren her. Me lovar og oppdatera jevnlig framover, so kikk innom iblandt:)

søndag, oktober 24, 2010

Liten oppdatering på tide?

Ja, no er me blitt etterlyst både her og der... Ikkje lett å få tid til alt! Når eg først har hatt tid til litt blogging har eg ikkje hatt bilder, og når eg har tatt bilder har eg ikkje hatt tid til å blogge. Men, så var det desse herlige søndagane som ofte er redningen til alt ein ikkje har tid til ellers..

No sit gutta i sofaen og kosar seg med mac'en og barnetv og Malin søv søtt på rommet sitt. Endelig har me nok rom til alle i familien:) Me trives veldig godt i huset vårt, enda så uferdig det kan sjå ut enda. Me manglar litt både her og der, men no er me i alle fall i hus! Når me får litt meir hyller og diverse på plass, får me vel pakka ut resten av kassane og!

Her er i alle fall nokon bilde av sånn det ser ut no... Det BLIR bedre!!





Resten av huset er rett og slett ikkje presentabelt enda, men det får me ta seinare;)


Håpar alle har hatt ei super helg, me nyter å ha eit par fridagar. Tommy ladar opp til kamp i dag (HEIA SOGNDAL!!!), og eg og ungane skal ein tur til Førde for å besøke Iris og vesle, nyfødde Mats.. Som me gledar oss til det!!! Når me snakkar om småttisar, så var me ein tur på Tangen for å treffa Trym og Tuva på fredag (og Hanne, Joacim og Oddny og da...) Som vanlig hadde me med fotoapparat, men tok svært få bilde. Her er i alle fall stolte tante Stine og Tuva..


Me har tatt med rakkarungane til fotografen og.. Det var jo ein opplevelse. Var heilt sveitt når eg var ferdig! Mathias hadde ein særs dårlig dag, og Malin var hyper.. Men bildene vart bra, så det blir hardt å velge!!!


 Så her er det bere til å legge inn bestilling til jul.. Har 200 bilder å velge mellom!

Me snakkast! Håpar det ikkje blir like lenge til neste gong!

onsdag, september 15, 2010

Sånn er det her...

Her står me på seint og tidlig for å blir ferdige me huset, ikkje mange kveldar på sofaen no lenger!  Håpar me skal klare å bli nogonlunde i mål til me skal flytte inn.. Har høyrt rykter om at det som ikkje er ordna til dess aldri blir gjort!! Anar ikkje kva me skulle gjort utan superduper hjelp fra Årdal.. Litt bilder fra i kveld etter at Tommy og Stein Kåre hadde slått i hjel nokon timar der oppe:
Soverommet vårt, all panel og glaskarmar er malt kvitt og tapeten er malt grå.

Gangen(laaaang) i 2.etasje. Alt er malt kvitt, manglar 1 strøk maling, nye dører og lister.

Kjellarstova manglar nye glas, lister og golv. Taket og maling er ferdig.

Stovedelen oppe, veggene er lekta, isolert og plata. Litt som står att her; både tak, golv, tapet og listing bl.a.

Ellers er Malin sitt rom nesten ferdig, manglar ein rooooosa vegg:) Og Mathias sitt rom manglar golv, lister og ein blåååå vegg. Har me gut og jenta, så har me gut og jenta;). På kjøkken er det snart klart til å få på tapet, og ellers står det att ein del maling og flikking. Trapp, peis, murar som skal sparklast og malast+++ Nokon som sa evighetsprosjekt?

Ungane har det toppen i barnehagen, og i dag ville ikkje Malin vere med meg heim. Kraup opp i fanget til favoritt-Heidi i steden.. Takk for den. Prøver å overbevise meg sjølv om at det var fordi det var der det var størst sjangs for litt mat akkurat da. Matvraket vårt.. Sklir sånn sett greitt inn i familien, he, he.. Mathias pendlar mellom å vere verdens beste storebror og største plageånden. Ikkje langt mellom latter og tårer når dei held på, men sånn er vel søskenkjærligheten.. Sånn kan dei vere:

<> 
  I dag er Trym og Tuva vortne heile 3 veker gamle.. Føler at me nett var oppe i Førde og helste på dei nydelige små, men samtidig føles det leeeeenge. Dei har vore gjennom litt av kvart allerede, og tankane har vore hjå dei døgnet rundt.. No kryssar me fingrane for at det går berre ein veg fra no, og at dei snart er i gang med kvardagen i Årdal!!

Ha det bra, håpar det ikje blir like lenge til neste gong;)

onsdag, august 18, 2010

Ny kvardag!

Da var den nye kvardagen i gang, og det er tydlig at bloggen er den første til å merke dette... Blitt litt lenge sidan oppdatering no! Sjølv om me egentlig har gjort ganske mykje sidan sist, nøyer eg meg med ei lita liste:

-Me styrer på i huset, har hatt masse super hjelp fra Stein K!
-Malin er blitt 1 år!
-Eg har begynt å jobbe
-Tommy er i gang med skulen
-Mathias har begynt på ny avdeling
-Malin er begynt i barnehagen

Alt går bra så langt, håpar det fortset sånn:)Her er ei oppsummering i bilder...



I helga ventar laaang bortetur for Tommy, medan Mathias skal ha seg ein tur på Tangen. Eg og Malin skal ordna litt forskjellig, og så må eg jobbe ein del. Mykje å ta tak i på starten av eit nytt skuleår, særlig for ein fersking som meg... Blir vel bedre!!

I mellomtiden er me så SPENTE!!! Hannemori er ganske så klar til å møta småttisane snart, og det er jammen me og:) Ikkje mange dagane att no, me gledar oss sånn til at familien skal bli større! Sender nokon gode tankar til Førde der ho går og kjedar seg i påvente av det store..

Smask:)