onsdag, august 17, 2011

Sofaen kallar

Hello folkens. Da var nok ein dag snart over, og Stine´s første jobbdag er over. (Ho sovna på sofaen under barne tv). Mathias og Malin har unnagjort sin første dag i barnehagen og det gjekk fint. Sjefen sjølv har vore på sykkeltur i dalen og sit her no med veldig god samvittigheit. Studentane er tilbake i bygda, og brukar denne veka til festing og atter festing.

I videoen so kan det høyrast ut som at ein fugl sit på mobilkameraet mitt, men dette er plystraren Mathias som ikkje gjer anna om dagen:) Eg måtte høyre to og tre gongar men det er faktisk Mathias som lagar fuglelydar:)



Sjarmtroll

3 kommentarer:

Janne sa...

Hehe!
Høyrtes mistenkelig ut so ein spurv, ja :)

Forresten godt å høyra at d e fleire som sovnar på sofaen. Letta min eigen samvittighet litt!

mommo sa...

Det e så utruleg kjekt at bloggen e oppe å går att, eg har sakna den masse!!
Mathias plystrar og syng ja, det har me høyrt - men detta va no nifst likt ein fugl da? Flink : )

Eg skal jobbe i helga, Sverre e dregen til Hjelledalen på fiske og Fredrik ska vel festa, og festa...heile helga sikkert....
Vel,vel slik er det! God helg alle, kanskje fleire som skal til Årdal på Målrock? ; )

Klem fra mommo

Hanne sa...

Hehe - fantastisk!!!! :D