



Denne veka har vore innholdsrik, der me har fått gjort masse ting. Onsdag var me av Olsen og fruen på middag, noko som alltid er koselig. Torsdag var me og ordna pass til Mathias då me reiser til Tenerife i november. Etter det drog me bort på shopping senteret og handla litt.
I dag har me vore på harrytur til Sverige. Me reiste i dag tidleg til Charlottenberg, ein fin liten tettstad nær Kongsvinger. Køyreturen tok ca 1 t og 50 min og Mathias var snill, sjølv om han bæsja ut alle kleda sine.
Når me kom fram var me ikkje dei einaste frå Norge, det krydde av kjøpelystne nordmenn der. Dei fleste er der for å handle billig mat, drikke og tobakksvarer. For å sei det enkelt, det var me også.
I bilen heim var det masse kjøtt, kylling, snus, colaboksar osv..lista vart lang....
No blir det ein roleg fredagskveld framfor tv skjermen, og med tacopai på middagsmenyen.
Ha ei triveleg helg.....
P.S: Bildene er frå gårsdagens bading av Mahias og ein glad kar me sine nye leiker no ikveld.
2 kommentarer:
Stooore guten :-) Håpar alle tre har det bra.. klem frå Hanne og Joacim som er på besøk i Dublin:-)
HEIA HAM-KAM.. Bra jobba :-)
Legg inn en kommentar