



Denne helga har Tippeligaen fri pga landskamp i kveld mot Hellas.
Me trente ei økt igår før me fekk fri for helga, og det gjer godt. Anders er på besøk i helga, og me var ein tur på byen igår. Det var ikkje mykje liv i byen so me var ikkje so seine heim. I dag skal det ikkje bli gjort mykje, kun nyta lørdagen slik som alle andre. Kan og fortella att eg var på Rena Leir med resten av laget på torsdag. Der fekk eg køyre tanks i skogen, noko som var fantastisk moro. Makan til monster skal ein leite lenge etter. Me rappelerte også ned fra eit tårn som var 36 m høgt. Litt småredd i starten men det gjekk no bra.
Mathias er som vanleg snill og både han og Stine har tatt seg ein blund no, mens eg sit her og ser ut på det dårlege været. 8 grader, vind og HØST.
Me snakkes
1 kommentar:
så koslig de har det,... :-)
Masse fine bilder...
Klem
Legg inn en kommentar