




Helga er over og ei ny veke står for tur. Stine og Mathias kom begge heim igår kveld etter å ha vore heime i årdal ein tur. Det var kjekt å sjå dei begge igjen. I dag har me vore på babysvømming, og det er kjempemoro. Mathias kosar seg når han badar, sjølv om han er litt skeptisk når me har dukka han under vatn. Me har vore 7 gongar på babybadinga no, og me har lært korleis me skal behandle Mathias i vatnet. Alle babyer har ein lukkemekanisme fram til dei er ca 8 mnd. Det gjer att det er ufarlig for dei og dukke under vatn. Eg held Mathias me begge armar, under armane hans og dreg han under. Når han kjem opp igjen viftar han me armane, men er like glad. Espen Olsen som eg spelar med her i Ham Kam er også med på babysvømminga( sjå bildet). Han og sambuaren Lene fekk Kristian litt over ein mnd etter Mathias vart fødd. Kristian likar seg veldig godt i vatnet han og. Kanskje desse to blir nokon svømme stjerner om nokre år??
Ellers er det frihelg neste helg, noko som alltid er godt. Stadheim kjem ein tur på besøk og det blir veldig kjekt. I måro er det ei trening, og etter den blir det ein tur til Elverum for å knuse Espen, Steve og Ringberg i golf. Kjem me ny update imåro, da me nye spennande bilder..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar