
Dagane går fort for tida, og me mykje trening i kroppen blir ein trøytt og sliten. Då er det godt å kome heim til middag og slappe av i sofaen. Dei siste dagane har me mala soverommet til Mathias, og blåfargen vart kjempefin. Om kveldane blir det å glana på tv`en og prøva å legga Mathias til vetig tid. I går var ikkje han mykje trøytt, prøvde i sikkert to timar. På bildet kan ein sjå korleis me fann han kvar gang me gjekk inn på soverommet, sitjande me beina ut av sprinklane..!! Enden på visa var at eg måtte legga meg han i senga vår og då gjekk det to minutt so var han i djup søvn.
Ha ein fin kveld...
3 kommentarer:
Han er nok trøytt,men det er no koseleg med selskap da.God natt.Mams
Hallo Hamar.
De må nok tjora han fast. Eg kjenner fleire som ikkje var så lett å legga :)
Betefar i Øvre
He, he. Ken kan det vera? Stine.
Legg inn en kommentar