Ja, ja.. Medan Tommy kosar seg med sol og fint vær på La Manga, så er eg og Mathias her på Hamar i snø og grått vær. Er ei stund sia me har sett sola no, men det er i det minste bra temperatur! Ligg rundt 4 pluss i dag, og sidan Tommy reiste laurdag så har det smelta ein del snø.. Skal vere glad når alt forsvinn!!
Sjølv om me er aleine blir det aldri kjedelig med Mathias i hus, han er høgt og lågt og no reiser han seg opp etter absolutt alt!! Bord, stolar,tv-benk, steikeovn og flate veggen.. alt blir brukt som klatrestativ!
I går hadde me besøk av Elin Ringeberg og ungane, og det var veldig koselig. Mathias syns det var så stas med Elliot, og lyste opp når han kom!! Sosial er han i alle fall:)
I dag har Mathias vore så artig, for han har klart å visa kor stor han e!! Da var han stolt da, ja.. Ellers heng han etter meg heile dagen, uansett kor eg snur meg så snublar eg i han. No er det snart sovetid att for han, så da får me ut og gå oss ein lang tur i frisk luft.
Me sende ein nuss til alle!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar