søndag, mars 18, 2007

Søndag



Da var det allereie søndag igjen, tiden går fort og det nærmar seg vår. Kom litt snø i natt, men sola gjer att den forsvinn fort. Me har gått ein lang tur idag, og det gjorde godt. I går kveld var me på middag av Olsen og fruen og det var kjekt. Me er litt trøytte alle tre idag, so når middagen er unnagjort so blir det sofaen resten av kvelden. Mathias er aktiv som vanlig, og han får seg nokre smellar i ny og ne. Han har lært seg å klappa no, og er særs ivrig å visa det til Stine.

Grind til trappa er og på plass no, for han er ivrig på å utforska trappa for tiden. Han likar seg best på golvet, og han krabbar overalt. Stine får gjort veldig lite når eg er på trening om dagane, for han må vera under oppsyn heile tida. Står det noko på bordet, so er det fort han får tak i det, og då havnar som regel den tingen på golvet. Å lese aviser og sitte me pc´en og er vanskelig for han vil gjerne lese og riva i avisa sjølv. Tastaturet på pc´en får og gjennomgå.

Torsdag datt eit brev ned i posten, og der sto det att Mathias har fått barnehageplass her på Vangli. Det blir spennande og sjå korleis det går, me gler oss iallefall.

Tirsdag reiser eg til spania igjen og blir vekke i ni lange dagar. Stine blir her på hamar, men skal på besøk til ei venninne i oslo i løpet av veka. Det er kjedleg å vere vekke so lenge frå dei, men det går nok bra. Trøsten får vera att det er lenge til eg skal vere so lenge vekke frå dei igjen.

Ha ein fin søndag folkens..

Ingen kommentarer: