Me nærmar oss mai månad, men våren har for lengst komen til Hamar. Dei siste dagane har me hatt nydeleg vær, med masse sol og ca 15 varmegrader. Grillen har allereie hatt sin sesongdebut, og maten smakte herleg. Merkar i nabolaget att gradene stig då det er meir ungar å sjå ute.
Stine og Mathias har vore på Gol i helga for å feire Sverre W sin 50 års dag. Den karen held seg ung må ein sei. Rapportane derfra fortel om masse god mat og drikke, og rolege dagar i vannkanten på Tropicana. Eg var som vanlig ikkje med, då eg spelte kamp igår men eg får ta igjen feiringa ved ein seinare anledning.
Ellers går det i det vanlege her, Mathias er våken grytidleg og blir stadig meir aktiv. Han går bedre og bedre no so det er ikkje altfor lenge til han springe rundt. I måro er det 1. Mai og då håpar me på godvær slik att me kan få smaka litt på grillmaten igjen.nam nam!!!
Snakkes folkens
1 kommentar:
Hallo Tommy.
Me får ta feiring på "gutevis" når du får ei "glisa".
Legg inn en kommentar