torsdag, mai 17, 2007

17. Mai på Hamar



Då er snart 17. mai over og det er på tide og oppdatera bloggen litt. Dagen starta med barnetog nede i gågata i Hamar. Alle barnehagane hadde kvar si fane dei gjekk bak, og Mathias følte med når ungane gjekk forbi.

Været har vore fantastisk idag og det må ha vore godt over 10 000 mennesker i sentrum. Mathias kosa seg med is og pølse til lunch. Me sat og eit par timar på ein resturant og kosa oss me brus og sandwich. Etter det tok med turen ned i parken for å slappe av litt på plenen. Middagen tok me på La rosa, og både eg og Stine slukte biffen.

No er me litt trøytte her me sit, det har vore ein fin dag, og Mathias har fått opplevd å gå i tog og høyrt på musikk korps.

Legger ut noken bilder, fortel meir enn ord, då eg har skrivesperre idag!!!!

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei på dikka Hamar-folk!
So goe Mathias er i bunaden sin, men kest er mori sin bunad da??? Fy deg Stine! Her ha eg slete meg ut traskande i denna stakken, medan Stine berre drite i den. Særs skuffande.... Hehehe
Love fra Årdalsyvonne!

Må nett innrømma at eg felte ei tåra no eg såg kongen trødde ut på balkongen sin idag....