onsdag, juli 11, 2007

Bloggtørke....

Ja, no er det vel jammen på tide at me oppdaterer bloggen litt. Har fått ein del hint om at me har vore slappe i det siste, he, he.. Me får skulda på at det er ferietid;) No er faktisk heile ferien over allerede, merkeleg kor fort den går kvart år. Men, jammen har me fått med oss litt!!

Eg og Mathias tjuvstarta med eit par koselege dagar heime i Årdal, eit lite pit-stop på veg til Bergen og Janne og Ronny. Heime henta me Fredrik, kjekt at han ville vere med oss på tur!!LITT stolt må eg få med at eg køyrde bil til Bergen og FANN fram!! (med ein smule hjelp fra min beste venn; GPS'en) Tommy fekk og nokon ekstra dagar med ferie på grunn av skade i akillesen, og han kom til Bergen med fly fredag. Eg nytta sjansen når Janne og Ronny var barnevakt, og var ute og åt middag med Linda, Yvonne og Camilla i Bergen. Kjempekoselig:) I Bergen hadde me faktisk ein av dei få soldagane i ferien (om ikkje den einaste!!!!) Da fyllte me bassenget på den flotte terassen i Krabbedalen og tok oss eit bad. Ellers slappa me av, besøkte Janicke og vesle Nicholas, shoppa og åt MASSE god mat!!


Frå Bergen bar det tilbake til Årdal, og nokon fine dagar med familien og masse besøk:)Mathias storkosar seg i lag med alle dei fire ivrige besteforeldrene sine, og har dei allesammen rundt veslefingen allerde;)Været var ikkje heilt på vår side, men, men.. Me tar masse bilder, men av ein eller grunn er det nesten berre av Mathias. Trur me må bli flinkare til å få med resten av familien og....


Etter ei kort veke i Årdal tok me turen til Oslo for å feire bryllaupet til onkel Oddgeir og tante Monica. Det var utrulig koselig å ha heile familien samla til ein slik anledning, og det var eit flott bryllaup!! Håpar dei kosar seg masse på bryllaupsreise denne veka! Mathias var hyper som vanlig, og det var ein heil jobb å holda styr på han.. Etter den herlige middagen fekk han heldigvis springa rundt ute, og det tok ikkje lang tid før han såg ut som ein liten gris:)




Når me kom tilbake til Hamar fekk me besøk frå Sogndal; Iris og Terje, Katrine Rune og vesle Sandra. Så utrulig kjekt at dei ville ta turen, me kosar oss alltid masse ilag!! Terje og Rune gjorde ein fantastisk jobb ilag med Tommy og måla 1. strøket på heile huset på eit par dagar!!! Uvant å ha gjester når dei står på sånn! Me jentene og Mathias slo ihjel ei del timar på shopping mens gutane jobba, he, he:)

Så i dag er ferien over, gjestene er reist og Tommy er i gang att med trening.. Me ser fram til ferien i evighetar og så er den over så FORT! No må me berre nyta den siste vetle månaden før Mathias skal i barnehagen og eg skal på skule att....

1 kommentar:

Anonym sa...

Ja de har hatt litt av ein turboferie?Tenk alt de har vore med på.Fekk meg ein god latter da eg såg bilde av Mathias i bryllupet.Minna meg mykje om ein viss annan da han var på den alderen.Kjekt og lesa om dikka og håpar me sjåast snart,
Oss på Tangen