I dag har det vore ein regntung dag på Hamar, og me er litt lei av å tilbringa dagane heime. Meininga var å ta seg ein tur i Amadeus dyreparken som ligg litt utanfor Hamar, men regnet stoppa den turen. Istaden tok me oss ein tur til Lekeland på Midtstranda, slik at Mathias fekk ha det moro samt at han fekk aktivert seg litt. Lekeland er ein kjempefin plass for store og små, og me hygga oss alle tre. Mathias sprang rundt og kosa seg me forskjellige leikar. Etter eit par timar drog me derfra sveitte og gode.
Stine har og mala den eine veggen på soverommet, og det var kjempefint. So me ligg ikkje på latsida her. Skal og legga litt stein utanfor so det er mykje å gjer.
I måro er det laurdag igjen, huttetu går tida går. Er ikkje lenge til Mathias byrjar i barnehagen no. Me er spente, men gledar oss til det.
Legg ut noken bilder av dagens aktivitetar..
Adios so lenge...
1 kommentar:
So flinke de er til å få gjort ting både i hus og hage. Malar og legg stein!! Blir spennande å sjå når me ein gong får ta oss ein tur te Hamar att. Byrja i jobb att no veit de, og da er det ikkje so lett...men det blir vel ei rå. Kanskje me får hjelpa til med noko
Legg inn en kommentar