tirsdag, august 07, 2007

Barnehagestart!!!

I helga har me hatt Tangabesøk på Hamar, og det har vore veldig koselig! Alltid kjekt når nokon teke turen hit. Oddny og Stein Kåre kom fredag kvelden og reiste før kampen søndag. Då kom Daniel og Heidi for å vere eit par dagar, og me har faktisk hatt fint vær!!!! Kanskje blir det litt sommar her likavel?

Og i går var ein stor dag for Mathias, den første dagen i barnehage!! Gjett om me var spente alle sammen.. Her er ein tøff liten kar som e klar for nye utfordringar:



Barnehagen gjekk over all forventning, og det ser ut som Mathias kjem til å trivast veldig godt der. Allerede i dag var han der nesten heile dagen åleine, og sov godt i vogna da eg kom for å henta han. Må ærlig innrømme at eg har sete på terassen og "spionert" i HEILE dag;) Det er ein stooor lettelse at dei første dagane har gått så bra.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Å for ein staut barnehagekar!! Blir ikkje god å "bryna" seg på denna karen, nei. Me har nok tenkt på han og korleis dette vil gå, men det er vel verst for dei voksne vel? I dag har me vetle Matheo på besøk, og saknar Mathias ennda meir da. Sees forhåpentligvis snart, kos dikka alle tre!!!

Hanne sa...

Har du sett ein slik KLAR Mathias:) hehe..
Håpar han kosar seg i barnehagen.. me ha lyst til å sjå dIKKA SNART!

vel heime frå Dublin, fyste arbeidsdag i morgo...PHU!
Håpar de har det bra;)

Hanne