tirsdag, desember 04, 2007

Ein liten tur heime i Årdal.





No er me vel heime etter ei snau veke heime i Årdal.
Stine måtte tilbake til Hamar idag, for snart ventar eksamen. Lesing og pugging står på timeplanen hennar, medan eg skal nyta ein lang ferie. Mathias skal tilbake i barnehagen, noko han kan ha godt av.
Neste veke reiser me ei veke til kanariøyene, og det skal bli godt. Sol og sommar passar fint før ribbe og anna godsaker skal fylla magesekken.


Det var kjekt å vera heime ein tur, og me kosa oss alle tre. Stine og meg fekk sova lenger enn før, då Mathias har skjønt at det er godt å sova. Han sto som regel ikkje opp før 09 kvar dag.
Mathias har kosa seg mykje, han har fått "herja" med litt av kvart. Pianoet og alle godsakene heime av bestemor og bestefar i Øvre har vorte flittig brukt. Mandag laga Stine, Jorunn og Mathias pepperkaker. Deigen var best i følge Mathias.
Bestemor i Øvre har og laga julekalendar til Mathias, og 1. desember fekk han byggmester Bob dvd. Gjett om han vart glad da?!!

Me har og vore ein tur ned av Byggmester Bob på tangen og byggmester bestemor. Utbygginga av huset er snart ferdig og me gler oss å sjå kor fint det blir.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei hei dere! For en skjønn og herlig liten krabat. Nydelige krøller også:) Vi håper dere har det fint i førjulstiden. Kos dere masse i varmere strøk også, vi er bare litt misunnelige;) Klem fra oss tre i Skottland