I kveld har me vore på juletrefest med barnehagen, der me gjekk rund juletre, åt masse kaker og trefte nissen. Mathias likte nissen best når han fekk sitta på fanget til mamma;) Ellers var det no kjekt å springa litt rundt med dei andre ungane!! På lotteriet stakk me av med hovudpremien, så no har me frukt for ein evighet, he, he..
Ha ein fortsatt flott søndags kveld!!
Så fint hadde Mathias pynta seg:

Nissen kom med godtepose til alle.. Liiiiitt skeptisk?

Fangsten vår i lotteriet:)

Julesangar rundt juletreet høyre med på juletrefest!!
3 kommentarer:
Fyrst vil me gratulera Stine med den flotte karakteren på eksamen.Du er kjempeflink.So var det godt å sjå Mathias igjen og so stramme gut da i slips og fine klede.Såg han var redd nissen men det hjalp vel litt når han fekk pakken sin.Moro var det og at de stakk av med hovedgevinsten.Ha ei fin veka alla tre.
Oss på Tangen
Ser at Mathias er litt redd nissen, men det er vel slik det pleier å vere. Så heldige de var som vann den flotte korga! Bra med mykje frukt og grønt no etter jul... Me har avslutta jula i dag, men god middag og mykje godt saman med onkel Tobben og fam,og bestefar Kåre, så frå i morgo er det tilbake til trimming og knekkebrød!!Ha ei fin veke alle tre, så snakkast me
Helsing frå øvringane
Takk, takk;)Supert med masse frukt, men legg merke til marsipangrisen ved sidan av.. 1kg!!!! Ha ei fin veka dikka og, både på tangen og i øvre:)
Legg inn en kommentar