

Tommy er på treningsleir i Marbella, og da er det eg og Mathias som styrer skuta her heime. Men, sidan praksis og barnehagen opptek oss på dagane, er det ikkje lenge før alle ti dagane er gått og me har han heime igjen. Det høyres i alle fall ut som han har det heilt topp der, men spa på hotellet og fint vær. Heldiggrisen:)
Mathias er fantastisk blid og fornøydg om dagen, og det har sikkert mykje sammenheng med at han er blitt så flink å prate. Endelig skjønnar me det han seier, he, he. Eit lite skår i gleden er at bokmålet allerede har satt seg fast, her er det "jeg" som gjeld!! Me håpar været på vestlandet betrar seg til i måro, da blir det kanskje besøk av mormor i helga. Det hadde vore stor stas:) Bildene i dag er fra middagen, ein blanding av Mathias sine favorittar: Tomatsuppe med pasta, pølse og egg!! Nam, nam..
God helg til alle sammen!!
1 kommentar:
Veret er fint det, men det hjelp ikkje når vegen er stengd,og kolonnekøyring her og rasfare der!!! Nei ho mommo må nok holda seg i Årdal denne helga og, sjølv ko gjerne ho ville ha vore på Hamar. Men me pratar masse på telefon da, og det hjelpe på saknet! De får kosa dikkabegge to og før de veit ordet av det er pappa heime att. God helg
Legg inn en kommentar