onsdag, juni 18, 2008

I feriemodus...

Tommy sin kjempelange (!!!) ferie var over i dag, og kvardagen i gang att. Eg og mini kan derimot kose oss med fri ei god stund til. Sjølv om sommarværet ikkje er heilt på plass her, har me hatt picnic på stranda og sett på alle folka som var der. Etterpå herja me på Lekeland i eit par timar, ein super plass når det er lite å gjera ute!!

Janne reiste heim i går etter eit veldig koselig besøk her. Godt å ha tante Janne når mamma og pappa var i bryllup:) Me har ikkje gjort heilt dei store spranga, men kosa oss med god mat, leik og avslapping. Heldigvis vart det litt fint på tirsdag, så me rakk ein grillings før Janne måtte heim.

I måro skal Tommy på treningsleir i Alvdal av alle ting, så da tek eg og Mathias turen til Årdal. Me gledar oss til å vere der lenge:) Håpar å få besøkt mange, og eg gledar meg sånn til å sjå huset til Yvonne! Spennande å sjå korleis "bestefar-Willy" huset er blitt:) Me reiser fredag, for i måro er det sommarfest i barnehagen, og det er det kjekt å få med seg før me dreg! Skal prøva å hugsa kameraet, så blir det kanskje nokon bilder derifra i måro kveld!

No har me forresten fått oss sånn teljar som viser kor mange som har vore innom bloggen!! Den gjeld fra i dag:) Håpar folk legg att ein kommetar og!!

Me snakkast:)





4 kommentarer:

Anonym sa...

Sakna dikka allerede! Kjekt at du la ut dei fine bildi av meg:) Eg ha ikkje vore uttafør leiligheten i heile dag (REGN OG VIND!)men ha fått vaska litt da:) håpa på sommarfest-bilde i måro!
klem

Anonym sa...

Du e no so fin at, tulling.. Må jo ha bilde av at du ha vore her:)

Anonym sa...

Dikka er så fine alla i hop!
Fekk skikkelig sumar følelse av dei bilda der, verre blir det når eg sende eit blikk ut vindauga.. regn!
Håpar me får sjå ein liten snutt av dikka da de kjem heim..sjølv om de sikkert ha stramt program! :)

Ellers så må de ha ein fin dag på sommarfest i morgon, sjølv om sommaren ha trukke seg litt unna..

Hiv å hoi frå Flotane...

Anonym sa...

Ja me gledar oss t de kjem, og skal vera leeenge!!! Har ikkje ferie enno me da, men håpar veret er med oss slik at me får grilla og ta fram att badebassenget fra i fjor sommar : )

De e so flinke å ta bilder slik at me får ta del i alt de driv med på Hamar - godt jobba. Da snakkast me til helga da - eg har FRI

Momo