
Håpar de ikkje er blitt lei av å vente på nye innlegg og har slutta å besøka bloggen vår!! Ein liten bloggtørke, men no er me i gang igjen:)
Forrige helg hadde me ei flott helg i Årdal, masse avslapping, god mat og kos på Tangen. I veka som har vore no har eg jobba seint nesten kvar dag, så det er Tommy og Mathias som har styra heime om kveldane. Eit par dagar har det vorte på Mathias i barnehagen, men der er det berre eit par ungar for pga ferien. Så da har me kosa oss mest mulig heime!!
Ellers site me no her og ventar på sola, er me heldige er ho framme i små glimt!! Håpar på opphold i dag i alle fall, for me har planar om å reise til Snilsberg familiepark for å sjå show med kaptein Rødskjegg!!! Det kan bli stas..
Ha ein fortsatt fin laurdag!!
3 kommentarer:
Va nesten begynt å gi opp håpet om eit nytt innlegg her no! Men den so venta, venta ikkje forgjeves..:)
So kjekt å bilde av krølltoppen igjen! Me e i Kristiansand å kosa oss me Kaptein Sabeltann (so klappa Matheo på hovudet under showet!!), dyreparken og masse god mat. Heldigvis meldt fint vær fra i måro, so me kryssa fingrane for d! fortsatt fin helg! stor klem fra Janne, Ronny og Matheo:)
Ja me ha venta på noko nytt-e inne fleire gonge for dagen, so me vart glade når me såg gliset til minstemann Øren!
No ha me starta på sommarferien og fer vel på hytta i kveld. Har ingen planar, tek dagane som dei kjem - blir vel nokre småturar hit og dit. Fredrik jobbar men d blir vel ein liten tur igjen med han, når han har fri nokre dagar. Me let høyra frå oss om me finn på å ta turen mot Hamar......
Ha ei fin helg og so heia me på HamKam i morgo : )
helsing fra mommo og gutta
Jau me har venta på bilde av goguten so no kan me ta helg!Er so tomt når de reise igjen so håpa det ikkje blir so lenge før me ser dikka igjen.Bra me har telefon,for no er han flink og prata og fortelja.Ellers venta me på soli og i morgon skal me på køyretur til Luster.Ha ei fin helg og heia Ham-Kam!!
Oss i Haugavegen:-)
Legg inn en kommentar