torsdag, oktober 02, 2008

Oktober..

..berre litt meir enn to månadar til jul!! Juhu:) Bra å ha noko å sjå fram til, høsten e nokke drit!!! Ingenting spesielt som skjer her, me gjer stort sett på det samma som alltid. Me hadde ei super helg med besøk, berre synd dagne går så fort! Men me fekk kosa oss med masse god mat, snusa litt på Maxi og Mathias fekk med seg dragefestival på Domkirkeodden!!

I går var eg og Mathias ein tur i badebassenget på dagen, og det var veldig kjekt! Plasking, hopping og skliing for full guffe! Mathias var så sliten etterpå at han duppa i bilen og la seg til å sove i gangen da me kom heim. For eit sovehjerte:)



Etter barnehagen i dag hadde Mathias med seg Elliot heim, og dei har kosa seg i heile ettermiddag. Så kjekt med kompisen på besøk!! Morsomt å sitta å lytta til samtalane deira, dei har så mange bra kommentarar:)




Håpar det gjekk bra med Jannis på eksamen i dag, har tenkt på ho!!! Glad det er ei stund til mine... Me høyrest folkens:)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hallo Hamar.
Du har rett-det er berre litt mindre enn tre månadar til jul, for å seia det slik:)Sovehjarta er visst nok arveleg, så han har det vel ein plass frå? Kjekkt med oppdatering av ståa på Hedemarken. Håpar å sjå dikka snart, og kanskje me tek ein liten omveg når me returnerar frå Roma/Jessheim neste søndag. Ha ei fin helg.
Helsing oss på Voddladn

Anonym sa...

Ja soving e vel d me kan aller best heile gjengen? Deilig å være ferdig me eksamen...no e eg litt redusert etter ein ny klassefest i går! teke på detta studentlivet;)
God helg og stor klem t dikka alle:)

Anonym sa...

Halloen igjen og takk for ei koseleg helg.Skulle berre ønska at helgi varte nokre dagar til,men slik er det no.Trøytte er me vel noken og kår,men det går vel over.Skulda det på hausten eg.Skal ha ei roleg helg heima no og "prøva" meg på litt husvask.Ha ei god helg adle og heia Ham-Kam.
Haugavegen