
Ja, da har det vel strengt tatt vore Luciafeiring her på bloggen lenge nok? På tide med ei oppdatering fra det spennande(?) livet vårt, kanskje:) Håpar det fremdeles er nokon som kikkar innom bloggen likevel:)
Kort oppsummert har me vore heime og hatt ei super julefeiring, rolig og avslappande akkurat sånn som me hadde tenkt oss!! Mykje tid med familien, fekk tatt att litt for at me ser dei så sjelden ellers. Nyttårsafta vart feira med den flotte gjengen vår i Sogndal, og det er alltid lika kjekt å treffast. Skulle ønska det vart oftare!!
Sjølv om det er godt med ferie, er det alltid godt å komma heim og i gang att med kvardagen.. Me har allerede vore gjennom eit lite utbrudd av spysjuka, harde treningsøkter og ein eksamen. Og plutselig var det helg igjen.. I måro står årets juletrefest i barnehagen for tur, og det blir spennande å sjå om Mathias blir kompis med nissen:)
I dag har det vore nydelig vintervær her, og Tommy og Mathias kosa seg ute i barnehagen med akebrettet. Det ser ut som det blir mildare framover, så me får kosa oss ute før sørpa og isen overtek..
Håpar alle har ei flott helg!! Og heilt til slutt.. HIPP HIPP for jubilanten i dag; Hannemori!!!!
Eit par bilder fra jula og..

Mathias og Matheo leikar med verdens kulaste båt. Var nok ein som var litt misunnelig på denna presangen!!

Sjefen hadde full kontroll på alle presangane!! Var veldig flink og masa ikkje noko særlig på å få åpne faktisk!!

To blide ansikt på juletrehogst med Sverre og Tommy på vetlejulafta. Godt med litt kvikklunsj og kakao i Fardalen.
2 kommentarer:
So me ha sett fram til nye bilder på bloggen!! Hadde nesten gitt opp håpet. Er nett komen frå hytta i Fardalen. Eg ha jobbehelg og, men utnytta lørdags ettermiddag og for på hytta. Regna der oppe, så det vart ingen skitur. Ha kosa oss med kvar si bok og sett på dei få som for blaute som kråker forbi i løypa ; )
Sverre la att mobilen og, så han returnete med ein gong!!
Ha ei fin veke alle tre, så håpar me det ikkje bli så lenge til me treffest att...saknar livet som va her i julehelga!
Mommo
So kjekt me oppdatering! E nok innom sjølv om dikka ikkje rapportera kver dag:) God ny veka t dikka alle tre! klem
Legg inn en kommentar