lørdag, mars 07, 2009

Lang ventetid..

Ja, no st me her og ventar på at Tommy skal komma heim. Typisk måtte flyet mellomlanda i Amsterdam for bensinfylling, så dei blir forsinka.. Mathias går på reservebatteri, men trur me skal klara å holda oss våkne. Får trøsta oss med at Klingen spes smaka lika godt om klokka er halv ni eller halv elleve!!

Dagane har gått fort, men me har hatt lite å skriva heim om. Travlelt, med skule, jobb og barnehage, så helga er deilig!! Hadde ei kjempekoselig helg Årdal sist, det gjorde at tiden gjekk litt fortare.

I dag har me vore til Elverum med fam Pettersen. Der var me på kafe, og såg Lynet McQueen bilen!! Den var så tøff!! Mathias kunne stått der i evighetar. Me måtte ta eit bilde av dei tre staute gutane framfor vidunderet:



Her er eit bilde fra Årdal forrige helg, Mathias gjekk rundt med dessa brillene heile dagen:)


No håpar me Tommy er like rundt hjørnet, så eg får setta i gang med biffen og potetene!! Ha ei fin helg så lenge!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Skjønar godt at gutane tykte det var stas med desse bilane - dei va knalltøffe!!! Staute og krye gutar.
Me va ute på dill i går, så me e litt "bakpå" i dag-da er det godt at det er sport på tv og kald vind ute ; )

Godt at Tommy er attkomen so me veit at de ikkje er åleina lenger. Ha ei fin veka alle tre, so snakkast me. Mommo

Anonym sa...

Kul kis, kule briller..
Moteløva vår :)

Lynet McQueen er sjølvsagt ein kjempe hit, det var tre flotte gutar det ja!!

*klem