Sidan me ikkje har vore så flittige på bloggfrontn i det siste, er eg usikker på om nokon i det heile tatt sjekkar innom:) Men dei få tolmodige sjelene som ikkje har gitt opp håpet skal få eit lite referat frå dei to site vekene her:
Om me har vore late, har Mathias derimot hatt ein aktiv ferie:) Ei veka i lag med mormor, morfar, Fredrik og Lasse på Sørlandet var STOR stas. Så masse kjekt han fekk vere med på, og flittig hadde han tatt bilde med kameraet "sitt". Sidan det omtrent berre var diverse golvbelegg og sjølvportrett der har me lånt litt bilder fra morfar sitt kamera:

Då dei kom att fra Kristiansand bar det rett til Årdal for oss, medan mamma og pappa reiste vidare til Grimsøy for å besøke hyttefolket der. Me har holdt hus på Tangen og prøvd å nyta dei få solstrålane me har sett, kosa oss med litt grilling og god mat og besøkt alle oldeforeldrene:

Me har fått hengt litt med Hanne og Joacim før dei skulle på Tour de Nord-Norge, besøkt Katrine, Rune og godjentene Sandra og Frida på Sandane og jammen rakk eg og Mathias ein liten tur innom Yvonne sånn at Mathias og Ronja rakk å krangla litt, he, he.. Så da mangla me berre å fått vore litt med Janne og Ronny:( Men det får me forhåpentlig vis tatt att snart!!

Mathias har hengt i hælane på farmor og farfar heile veka, og har fått masse kos og oppmerksomhet. Han har vore "Handy-Manny" med farfar i hagen, og langa stein så grusen spruta:) Ikkje tvil om at han har hatt det topp. Aller helst ville han vera att når me skulle begynna og pakka i dag, men da trur eg nok me fort hadde blitt ensomme her i huset...
Så no er utfordringen å snu om fra ferie til heime-modus. Etter leggetid i kveld har Mathais vore oppe att sikkert 6-7 gonger!! Han legg seg ALLTID rett til å sova ellers, men i dag har han: måtte tisse, ete meir kveldsmat, vise oss leikene han hadde funne fram som lillesøster skulle få, høyrt på cd, fått ein kasse med leiker i hovudet, lurt på om Tommy kunne lære han golf på Playstation, prøvd å overtale oss til å få sove med oss etc. Og som dei prinsippfaste og utholdande foreldrene me er (ha, ha) må me ligga trongt i dobbeltsenga i natt..
Ha ei flott veka alle sammen, håpar sommaren finn vegen til landet igjen!!
1 kommentar:
Dette var eit kjempeflott innslag på bloggen!! Du er so flink t detta, bli heilt mållaus : 0
I dag regnar det noko heilt inni granskauen. Skal ein tur på hytta, for eg ska ikkje på jobb før onsdag, men det blir berre for å sitte inne! Fredrik byrjar i jobb att kl tre i dag, så me er i full gang her og - og prøver å komma inn igjen i vanlig gjenge. Me har hatt ein kjempefin ferie, med mykje kos og avslapping : )
Fin veke t dikka alle tre, Mathias må nyte siste ferieveka før han skal til på "stor avdeling" - spennande!!
Mommo
Legg inn en kommentar