fredag, august 21, 2009

Gullisane våre...

Det tek ikkje lang tid før ein blir vant til nye rutinar, og jammen føles det som me har vore 4 lenger enn i to veker.. Litt uvant med nattevåk igjen, men det ser ut som det er berre meg og Malin som merkar noko til det. Dei to andre purkar og søv som vanlig:)

Tommy er ikkje heilt frisk att enda, så det spørs om det er ein liten gris som har vore og smitta han.. Men, hittil er ingen av oss andre blitt sjuke heldigvis! Får slappa av eit par dagar til, så er han nok frisk og rask snart.

Mathias syns det er veldig stas når Malin kjem på besøk på rommet hans, og me tok litt bilder mens dei kosa seg der inne i går:







Malin må nok tåla litt hardhendt behandling , så ho blir vel herda med tida. Ikkje så lett å skjønna at ein må kosa forsiktig, når det er bedre å ligge langflat oppå ho. Men, det er jo godt meint;) I går var ho med meg på skulen heile dagen, og me høyrde ikkje ein lyd fra ho. På kveldane er ho litt meir urolig, så ho har nok litt vondt i magen av og til:(

I helga er me klare for litt besøk att, Hanne og Joacim kjem i kveld. Det blir veldig koselig, så det gledar me oss til! Håpar de får ei flot helg alle sammen:)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Har de sett so fine gullungar:)Tida går fort med to slike småttisar,so de må kosa masse.Håpar Tommy kjem seg at,slik at de får ei fin helg.God helg alle sammen....
Haugavegen:D

mommo sa...

Fine bilder som vanleg. Me er så glade for å høyra at alt går fint på Hamar, og at gullungane har det bra!
Me skal tilbringa helga på hytta, har nokre småprosjekt på gang der...

Ha ei god helg alle saman, og kosa dikka masse med besøket : ) Håpar det ikkje blir lenge til me kan ta ein tur, dei veks og forandrar seg so alt for fort desse små!!

Helsing mommo,morfar og Fredrik

Janne sa...

Flotte bilde av nydelige tantungar :D