I alle fall for ein dag:) Har vore så fint at me kunne sitta ute i t-skjorte, deilig!!! Mamma, Mathias og Malin gjekk lang tur og kjøpte is mens eg låg inne og sov.. Godt med eit par timar ekstra søvn sjølv om Malin er grei og søv godt om nettene. Mamma har vore her heilt sidan torsdag, og me har kosa oss!! I går hadde me besøk av Helene og Hendrik og, veldig kjekt!!
Tommy har vore i Moss for å spela kamp, men kom nok att utan poeng i dag og.. Kjedelege greier!! Heldgvis er det att ein del kampar før ting er avgjort enda.
I dag tenkte eg at me skulle prøve å gi Malin flaske, og lova Mathias at han skulle få gi ho. Han sette seg til, stappa flaska inn og jammen tok ho den med ein gong! Mathias var veldig stolt fordi han hadde "melka" Malin, he, he..
Ellers blomstrar søskenkjærligheten for tiden, ikkje alltid til like stor glede for Malin. Hardt å vere liten når storebror skal nusse, nusse og nusse heile tiden, særlig når ein ligg og søv og anar fred og ingen fare!!
4 kommentarer:
Finaste tantungane!
Smelta fullstendig <3
Så koslig med besøk - fine bilder!!
Synd me ikkje kan sei det same om vèret her, me regna snart vekk! :s
Tallinn var kjempe bra - fredag lokkar Stockholm, full rulle og tida flyg.. i morgon er Malin allereie 4 VEKER!!
Håpar me snart sjåast igjen!
Suss til alle, sjølv om det verkar som det ikkje er mangel på det for tida.. hehe ;*
So fine og gode ungar,og for ein snill og flink storebror da:)Til og med soli skin på Hamar det kan ikkje me her heima skryta av:( Men pytt sann,rekna med at det blir ein fin haust.Går litt tregt med ham-kam for tida og,men det ordna seg nok.Ha ei fin veka alle
Me på Tangen
Så masse fine bilde, og så søt Malin er, til å smelta av=)
Klem fra Trine!
Legg inn en kommentar