mandag, november 09, 2009

I dag har Malin fått sine første vaksiner, stakkar liten:( Ho vart tre mnd i går, så da er det eit stikk i kvart lår i "premie"!! Nåla er jammen lang, og det var ei rasande frøken som prøvde å kravla ned fra fanget mitt da helsesøster skulle stikka for andre gong.. Heldigvis er ho lett å trøsta, men har vore ein del klaging og sutring i kveld.

Mathias søv så søtt i senga si, etter eit par timar med forhandlingar for å få han til å sove. MTommy:erkelig at det skal vere så anten eller; som regel sloknar han som eit lys i vinden, men har han først bestemt seg for å vere vrang held han ut i det uendelige. Eg ønsker meg TOLMODIGHET til jul...

Apropos ønskelister, her kjem våre!! Fritt fram for alle, he, he.. Dei som har lyst på gaver fra oss får hive inn ein kommentar eller to, eller sende meg ein mail;)

Tommy: Kle, DVD'ar.. (såg det kjent ut el??)
Mathias: Lego (buss, båt, alt egentlig), spel, bøker, klede str 110+, toalettveske, tegne/aktivitets-saker..
Malin: Klede str 74+, toalettveske, BRIO-gåvogn, rammer/pynt til rommet..
Stine: Toppar/gensarar, armbånd, skjerf, bilderammer, interiørting i svart/kvitt/sølv, bøker (siste til Nesbø, Holt, Dan Brown, trioen til Egeland, Twilight-bøkene), ullundertøy i freshe fargar, joggebukse..

Ellers samlar me jo på Rosendal, så skåler både i kvitt og glas, og kaffeservice er supert!!

Så no FORVENTAR eg ønskelister tilbake med ein gong, for gåvene skal gjerast unna før me reiser til Tenerife!!!

Håpar både Janne, Stein Kåre og Willy har hatt flotte bursdagar, HIPP HIPP HURRA og vel overstått:)

Skal få tatt meir bilder og komme sterkare tilbake seinare!! Hejdå:)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Stakkar Malin,er so fælt og holda dei når sprøyta kjem!Det er bra at dei gløymer fort,trur eg...
So var det dessa julegavene da.Tenk om me kjøpe det samme?Skal nok finna på noke i år og.
Ellers nærma det seg tur no so me får heller snakkast om julegavedn da:))
Ha ei fin veka,og so ser me dikka på skypen.
Haugavegen

stine sa...

Har planar om å vere ferdig med dei før me reiser på tur eg, så du får berre komme med lista di:)

Janne sa...

Stakkar lita :(

Fint me ønskelister, gjere juleshoppingen mykje enklare!

Eg sender i inbox :)

klem klem