søndag, mai 16, 2010

Liten oppdatering..

Sidan det blir ein del fleire Årdalsturar no enn før, gløymer me ofte å oppdatera her.. Etter forrige innlegg har me ikkje gjort så mykje spennande, men me har no fått med oss nokon feiringar. Morfar har hatt bursdag, Tommy er blitt heile 30 år(!!!) og Malin er blitt 9 mnd. Tiden flyge, det kan me vel alle skriva under på!
I dag har me ein dasse-dag heime.. Mathias i trusa og me i joggis, med barnetv på og kroppen langflat i sofaen. Ladar opp til å feire 17.mai i måro, det blir STAS!! Gledar meg til å sjå begge gullongane i bunad, håpar på å få tatt litt fine bilder.

Ha ein flott 17.mai alle sammen!!

1 kommentar:

mommo sa...

Blir kjekt når de kjem inn i morgon, slik at me og får sjå ungane i finstasen! Morfar ha laga god lapskaus og mommo og tante ha bakt kake, so da ska me koooosa oss : )

No ska eg på nattskift, so sove eg til de bankar på døra i morgo : )

Mathias må ropa høgt HURRA når han går i barnetog i morgo!!

Klem fra mommo