mandag, februar 19, 2007

Besøk fra Årdal



Ja da står ei ny veke for tur, og helga er over. Pappa, Mamma og Joacim har vore her i helga og det var koseleg. Dei fekk handla litt lørdag, mens eg spelte kamp. På kvelden åt me biff og kosa oss foran tv´en. Joacim reiste til Dublin søndag for å besøke Hanne, mens mamma og dei tok den lange turen over fjellet og heim.

I går kveld fekk Mathias seg ein blå kul i panna etter å ha dunka hovudet i golvet. Grininga gjekk fort over, og han var i fin form etter det. I dag er han litt blå, men kulen er vekke. Han tøffar seg meir og meir no, og idag har han vore litt "smågal". Han sto for første gang aleina rett opp og ned på stovegolvet idag. Ser også att han prøver seg oftare og oftare å reisa seg opp på tv benk og stovebordet.

Ellers alt bra her på Hamar idag, 3 minusgrader og lett skya. No har mørke kome og me slappar av i sofaen.

Snakkes....

Ingen kommentarer: